Dimensjonar av temperament

Å vere høgsensitiv treng ikkje vere synonymt med å vere ein fysisk tander, introvert innesittar. Nokre av oss treng litt spenning i kvardagen også.

Etter at eg skreiv blogginnlegget om å vere høgsensitiv, har eg kome i kontakt med fleire som kjenner seg igjen. Generelt ser kvinner ut til å ha lettare for å snakke ope om at dei er høgsensitive, medan menn synes det er meir problematisk. Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg kvifor; å vere følsom og trenge tid til å «bearbeide inntrykk» er vel ikkje det dei fleste tenkjer på som ekstremt mannleg. Men det er ingenting som tilseier at det å vere følsom og reflektert treng å vere ein motsetnad til å vere fysisk sterk og handlekraftig, om det er mannlege kjerneverdiar.

For mange år sidan, medan eg var student, kjøpte eg ein kjøleskapsmagnet med teksten «I love sensitive men. They’re easier to take advantage of.» Ikkje at eg har oppført meg slik i praksis. Eller at det stemmer, for den saks skuld. Men ærleg tala: Ein mann som er intelligent, i stand til å lytte og ta andres perspektiv, som har godt minne og generelt gjer gode vurderingar – what’s not to like?

Å vere høgsensitiv (HSP) treng ikkje vere synonymt med å vere ein fysisk tander, introvert innesittar, sjølv om det også er vanleg. Då eg innsåg at eg sjølv var HSP, braut det med ein del av mitt tidlegare sjølvbilete. For eg kjenner mange som er fysisk skjørare og sosialt forsiktigare enn meg, og ville trudd dette berre gjaldt slike som dei. Men nyleg har eg oppdaga at det finst ein annan dimensjon av temperament som forklarar nokre av forskjellane og differensierar biletet av kva det er å vere HSP:

Nokre er nøgde med eit roleg og rutinemessig liv, og ønskar ikkje store utfordringar eller stadig nye opplevingar. Andre treng meir spenning. Såkalla «high sensation seekers» (HSS) er dei som likar utfordringar, det uventa og sterke fysiske opplevingar, og som ofte kjedar seg og blir utålmodige om livet blir for likt frå dag til dag. Det er fullt mogeleg å vere både HSP og HSS, eller å ha ein kombinasjon av låge, middels eller høge verdiar på dei to områda.

Elaine Aron påstår elles at kjønnsforskjellane er mindre mellom HSP-menn og HSP-kvinner enn mellom menn og kvinner som ikkje er HSP, og at dei passar dårlegare inn i, og er meir plaga av, rigide kjønnsroller. Når det gjeld HSS, scorar gjerne menn generelt litt høgare, om eg har forstått henne rett.

Sjølv er eg nok relativt høg på sensitivitet (men ikkje heilt i topp) og middels på HSS. Det kan forklare kvifor eg har lett for å kjede meg, er utålmodig og synes at det høyrer med til livet å ta ein (kalkulert) sjanse ein gong iblant. Samstundes kan spenning og nervøsitet påverke meg sterkt, og nye sosiale situasjonar fort slite meg ut. Ein blir kanskje litt sær når det optimale spekteret av stimulering er såpass smalt …

Cirka 30 % av HSP’ar er også ekstroverte. Så i teorien kan ein vere både HSP, HSS og ekstrovert – eg ser for meg ein vagabond eller oppdagar, som er sjarmerande og lett å kome i kontakt med, men fort blir rastlaus, som treng mykje tid aleine og stadig er på jakt etter nye opplevingar. Endå vanskelegare er det å tenkje seg ein person som er introvert og har full pott på både HSP og HSS. Hemingway, kanskje?

Les meir om kombinasjonen HSP/HSS på heimesida til Elaine Aron.

Litteratur: The Highly Sensitive Person in Love av Elaine Aron.

2 comments

  1. Eg kom til å trykkje på “Publiser” i staden for “Preview”, så beklager til dei av dykk som fekk eit innlegg fullt av feil i innboksen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s