Språket som sperrar

Ensom

Når jeg føler meg riktig
ensom
går jeg til byen
og lar min skygge
smelte sammen
med andre
ensomme
skygger.

(Frå Hvis himmelen. Dikt og fotografier fra Oslos skyggesider på 70-tallet av Fedrik Fasting Torgersen,  SpreDet 2013.)

Finst det noko meir einsamt enn å ikkje bli sett som den du er, berre som representant for ei forakta gruppe? Det må i så fall vere om du også blir sett som ein fare for samfunnet og sperra inne.

For nokre år sidan hadde eg ein jobb der eg for første gong i livet vart snakka ned til, der eg vart møtt med motvilje og mistru i staden for tillit. Det tok ikkje så lang tid før den tiltrua eg hadde hatt til eigne evner og motiv tok til å vakle. Heldigvis hadde eg folk som støtta meg, og eg kom meg vekk og vidare i livet. Likevel lærte eg noko om kor mykje andres blikk på deg betyr. Det har gjort meg meir merksam på kor vanskeleg dei har det som heile livet har blitt sett ned på og mistrudd, og kanskje utsett for overgrep i tillegg.

Fredrik Fasting Torgersen vart dømd for valdtektsforsøk, drap og forsøk på mordbrann i 1958, men det er god grunn til å tru at den eigentlege misgjerninga hans var å vere ein tidlegare straffedømt ung mann frå arbeiderklassen som var på feil tid til feil stad. I tilllegg var han stor og sterk, seksuelt aktiv, hadde ikkje fast jobb, men skreiv derimot dikt utan rim og rytme. Med andre ord ein representant for slike folk mange oppfatta som ein trugsel mot konservativ moral og den gamle samfunnsordenen. Gjennom rettssaka vart han framstilt som ein valdeleg psykopat, og i fengselet vart han underlagt dei aller strengaste tryggingstiltaka, mellom anna sat han i isolat i over to år 27 månadar i strekk.

I Justismordets retorikk av Johan Dragvoll, Bjørn C. Ekeland og Arild Linneberg og Torgersensaken. Juks satt i system (1957–2013) av Jan Tennøe vert det ført gode argument for at fleire rettssaker, både mot Fasting Torgersen og andre, ser ut til å ha handla meir om å tilpasse bevisa til påtalen enn på å granske fakta som ikkje stemde med hypotensen politiet jobba etter. Det er skremmande at påtalemakta i Noreg ser ut til å ha forsvinnande liten vilje til å finne feil ved eigne tidlegare avgjerder.

Akkurat no les eg Skammens historie. Den norske stats mørke sider 1814–2014 av Sigmund Aas og Thomas Vestgården. Det denne boka gjer endå tydelegare, er at dersom du tilhøyrer eller blir plassert i ein lite akta kategori av menneske, er det nesten ikkje grenser for kva slags overgrep du kan bli utsett for utan at nokon grip inn.

Om du i første halvdel av førre århundre var så uheldig å vere født rom (tidlegare kalla sigøynar), romani (tater), same, kven, jøde, homofil eller «tyskarunge», om du havna på barneheim, psykiatrisk institusjon eller i fengsel, om du på nokon måte blei oppfatta som plagsam eller ein trugsel for styresmaktene og majoriteten, kunne du ikkje rekne med at nokon var interessert i kjenslene dine, personlegdomen din eller i di unike forhistorie. Då var du i utgangspunktet eit problem som måtte bli assimilert eller passivisert så effektivt som mogeleg. Kanskje er det framleis slik?

Då eg skreiv hovudoppgåva mi i litteraturvitskap, brukte eg litteraturteori som påstår at språket er potensielt valdeleg fordi det legg verda under seg i fastlagde kategoriar. Det eg har lese i det siste, har demonstrert at dette er meir enn teori: Den farlegaste effekten av fordommar er at grove forenklingar av verda blir styrande for korleis vi ser og møter andre; vi blir blinde for alt som ikkje stemmer med fordommane, blinde for kven den einskilde er som menneske. Dette kan i praksis få mange utslag, også i det rettssystemet dei fleste av oss har stor tillit til:

I Justismordets retorikk viser forfattarane at målet for ei rettssak er å kome fram til ei domsforteljing som grunnlag for å avgjere skuldspørsmålet, altså kva som er den mest truverdige historia om brotsverket og om den tiltalte. Den store faren ved ein slik rekonstruksjon av fortidige hendingar det ikkje finst sikker viten om, er at påtalemakta – medvite eller umedvite – vel å sjå bort frå fakta og vitnemål som ikkje passar inn i den historia dei trur er mest sannsynleg.

Her har vi altså ein viktig samfunnsinstitusjon der klisjemessige førestellingar om menneske frå ulike sosiale eller kulturelle miljø, om kva slags karaktertrekk som er «forbryterske» eller korleis eit truverdig vitne oppfører seg og høyres ut, faktisk kan bli avgjerande for kven som blir dømt skuldige. Simple fordommar basert på dårleg menneskekunnskap og språklege klisjear kan bokstaveleg tala bli til fengslande historier og øydeleggje liva til uskuldige menneske.

Aldri har det stått tydelegare for meg kvifor vi treng litteratur som kan skildre kor komplekse menneske i alle typar miljø og kulturar er, som kan utvide førestellingane våre om kva som er normalt eller sannsynleg, og – ikkje minst – som hjelper oss å utvikle empati.

Eg spør meg kva for grupper som er definerte ut av den store, norske fellesskapen akkurat no: Innvandrarar utan opphaldsløyve, narkomane og uteliggjarar, born ingen likar, rumenske tiggarar? Skal tru kva dei er utsette for som dei fleste av oss helst ikkje vil vite om?

Bokmeldingar av dei tre omtala bøkene vil etterkvart kome på trykk i Prosa.

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s