«Den fina lågan»

Plump fanzine nr. 2 utforskar den sanselege verda. Mi oppleving: Undertekst er vel så spennande som underliv. 

Eg er av det slaget som blir raud om øyrene om eg blir nødt til å snakke om sex, og å bruke f-ordet og p-ordet og det andre p-ordet eller k-ordet offentleg har i alle fall ikkje vore aktuelt. Og noko seier meg at det litt seint å byrje når eg har runda 40. Sånn er det for oss gudsord frå landet. Men gudsord kan elles vere så mangt, har de til dømes lese dette?

Som ein apal mellom trea i skogen, slik er kjærasten min mellom sønene. Å sitja i skuggen hans er ei nyting, hans frukt er søt for ganen. (Høgsongen 2,3)

Som tenåring var eg altså ei sånn som hadde lese om det meste, men ikkje opplevd nokon ting. Eg var ikkje uinteressert, men det tok lang tid – lengre enn eg bryr meg om å konkretisere – før mine erfaringar med erotikk involverte andre kroppsdelar enn hjernen. Dermed skjøna eg mindre enn eg trudde sjølv. Eg les nok Høgsongen ansleis idag enn eg gjorde den gongen, for å seie det sånn. Men sjølv etter at eg fekk eit sexliv vart det ikkje stort enklare å snakke om det – og når andre har funne det for godt å dele detaljar frå sine seksuelle erfaringar, har eg mest opplevd det som plagsamt. Det er vel helst fordi det blir så sterkt knytt til spesifikke personar.

Som litterært tema er erotikk imidlertid alltid potensielt pirrande – handsama på den rette måten. Det store spørsmålet er kva som er spennande nok til å fortene å bli kalla erotikk. Det fins tekstar som er uinteressante fordi dei blir for svevande og tekstar som er for mekaniske og eksplisitte til å pirre fantasien.

To kjenningar frå Seminariet för litterær kritik, dei finlandssvenske forfattarane Malin Kivelä og Hannele Mikaela Taivassalo, har utforska temaet erotikk i andre nummer av fanzina Plump. Så langt har visst salet vore upåklageleg. Ikkje overraskande, eg var jo sjølv raskt ute med å be om eit nummer. So to speak.

plum erotik

Første spørsmål som melder seg når ein ser på omslaget, er om ein ser puppar eller ei rumpe. Det er vel ei problemstilling som elles sjeldan gir hovudbry, men illustrasjonsfotoa Katarina Koch har bidrege med, er av det metaforisk erotiske slaget, bilete av detaljar i eit bymiljø som kan gi assosiasjonar til kropp og kjønn. Eg synes det er ganske sexy på grunn av det taktile i nærbileta og fordi dei gir rom for fantasien til tilskodaren.

Fanzina har ein stor variasjon av tekstar, frå småkitchy cowboyerotikk til romanutdrag som berre så vidt nærmar seg temaet, til eit essay om kvifor den homoerotiske thrillaren Stranger by the Lake (regi Alain Guiraudie) ikkje vert opplevd som erotisk av skribenten, Sara Ehnholm Hielm. Det siste er både velskrive og veldig interessant, og sjølv om eg ikkje har sett filmen, kjenner eg meg igjen i hovudpoenget: Det er ikkje homofili som tema som er det avgjerande, men korleis begjæret er framstilt. Til dømes er det ikkje vanskeleg å leve seg inn i kjenslene til dei to mennene i Brokeback Mountain. Eller for å bruke bidraga i fanzina: Dei lesbeerotiske dikta til Eva-Stina Byggmästar er sexy, og eit av dei mest dampande bidraga i heftet er Hannele Mikaela Taivassalos skildring av korleis ein mann blir uimotståeleg for den kvinnelege hovudpersonen då hen dukkar opp i kjole og leppestift.

Av ein eller annan grunn var det ingen av bidraga skrivne av menn eg opplevde som erotisk ladde. Men då må eg innrømme at eg ikkje las teksten Fucking porrvoo fordi den var massivt uigjennomtrengeleg, med endelause setningar fulle av samansette finlandssvenske nyord eg berre ikkje hadde vilje til å dechiffrere.

Den teksten som fanga mest av den underliggjande spenninga, som for meg er den største kvalitetsmessige forskjellen mellom erotikk og porno, var ein tekst der den einaste fysiske berøringa var ei hand som plutseleg fann vegen inn i ei glipe mellom buksa og genseren. Det er Ulrika Nielsen som skildrar korleis relasjonen sakte endrar seg mellom ein mann og ei kvinne som har kjent kvarandre alltid. Teksten er erotisk på den same måten som mange av Alice Munroes noveller er det: Det som er nonverbalt i eit reelt erotisk møte, lever godt i underteksten. Det mest spennande med isfjellet er vel gjerne tanken på kva som fins under vatnet?

Samstundes har språket i seg sjølv sanselege kvalietar, og eit døme på litteratur som sameinar eit sanseleg språk med erotisk innhald, er dette Sapfo-fragmentet, gjendikta av Hjalmar Gullberg. Det er ikkje henta frå fanzina, eg kom på det fordi eg lærte meg det utanat, «by heart», då eg tok litteraturvitskap grunnfag for mange år sidan. Eg synes framleis det er ei nyting å lese. Les starten uendeleg sakte og så litt raskare etterkvart, høyr på den nydelege rytmen og lydane av vokalane, så blir innhaldet endå sterkare:

Så kan ingen likna en gud i lycka
som den avundsvärde du låter sitta
hos dig för att njuta din stämmas alltid
älskliga tonfall

och ditt skratt som klingar så ljuvt – och får mitt
hjärta dock att klappa så tungt i bröstet;
blott jag flyktigt möter dig får jag intet
ord över läppen,

själva tungan ligger i band, och plötsligt
ilar genom köttet den fina lågan, jag förlorar synen, i örats gångar
börjar det ringa,

hela kroppen dryper av svett, jag skälver
in i märg och ben och min hy får gräsets
bleka färg på marken, jag liknar mest en
döende…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s