Til mamma på kvinnedagen

Mamma har aldri gått i tog på kvinnedagen, aldri delteke i feministiske aksjonsgrupper eller skrive i avisa om likestilling og kvinnekamp. Men ho var feminist i praksis så langt det var mogeleg i det pietistiske bygdemiljøet på Nordvestlandet.

Mamma vart fødd i 1937. Ho møtte pappa på lærarskulen, og etter endt utdaning gjekk begge rett ut i jobb i grunnskulen og vart der heilt til pensjonsalder. Det første barnet kom i 1961, og sidan kom det tre til. I -61 var fødselspermisjonen på tre månader, ein månad før fødselen og to etter. Det var dagmamma som vart løysinga for dei tre av oss som levde opp, ei jente døydde før eg vart fødd.

Eg trur ikkje det var lett å vere ei av få mødre som ikkje var heime med ungane i dette miljøet på 60- og 70-talet. Men mamma hadde ein sterk trong til å bruke evnene sine, og det gjorde ho også: Ho underviste i alt frå o-fag, kristendom, norsk, engelsk, tysk og fransk til forming, musikk og gymnastikk. Ho sydde klede, ho var pianolærar og dirigent for barne- og ungdomskor og eg trur jammen ho var så vidt innom kommunestyret også. Ho heldt andakter på bedehuset og misjonsforeining for born i kjellarstua heime. Og ho tok ekstrautdanning ved universitetet, det siste var fransk mellomfag då ho var i 50-åra.

Eg er stolt av at mamma tok seg sjølv på alvor som fagperson og ikkje let seg hindre av nedlatande og fordomsfulle mannfolk – eg veit ho møtte sin del av dei. Eigentleg trur eg ikkje ho kunne ha gjort noko anna: Så sant ho ikkje vart fysisk hindra, måtte ho leve ut det som var henne. Slik vart ho eit førebilete for meg, ikkje på den måten at eg har gjort akkurat som henne, men ved å vise at det er opp til meg å definere kven eg er og korleis eg vil leve.

Då eg reiste for å studere ved universitetet, trur eg ho misunte meg litt – at eg kunne ta opp studielån, flytte til storbyen og bli akkurat det eg ville. Likevel opplever eg ikkje at eg har fått til meir enn henne, snarare tvert imot. Og etter at eg sjølv fekk mitt første barn, prioriterte eg annleis, eg tok forlenga permisjon og jobba redusert, og då barn nummer to og tre kom som tvillingar, var eg heime med dei i to år. Det var dels fordi vi ikkje fekk barnehageplass og dels fordi eg ikkje hadde ein jobb å gå attende til. Men eg tenkte også at det var til det beste for ungane.

Mamma var aldri kritisk til at eg valde ansleis enn ho hadde gjort. I staden støtta ho meg, og ein gong seinare sa ho med innleving: – Eg må seie eg beundra kor tålmodig du var, Merete.

Det betydde mykje for meg, og rører meg framleis når eg tenkjer på det, for eg trur ho er den einaste som verkeleg skjøna kva det kosta meg – vi er jo på mange måtar like.

Å vere gravid, føde og amme var gode og viktige erfaringar for meg, men eg har ingen utprega praktiske talent, så å kome inn i gode rutiner i den nye kvardagen var rett og slett steintungt. Eg har heller aldri vore av den heimslege typen, eg hadde aldri drøymt om å trille barnevogn, innreie min eigen draumeheim og lage økologisk mat frå botnen.

Som heimeverande tvillingmor var eg difor konstant fysisk sliten, samstundes som eg var kronisk intellektuelt og sosialt understimulert. I tillegg var eg overtydd om at eg ikkje strakk til som mor, for ideala for eit koseleg og stimulerande heimemiljø hang tungt over meg. Men etter å ha levert eldstemann i barnehagen, hadde eg meir enn nok med mating, amming, bleiebytting og trilling, og kvar gong ungane sov, segna eg om på sofaen. Opne barnehagar og avtalar med andre mødre vart redninga sosialt. Det siste halvåret var eg nedstemt på grensa til deprimert, men ungane vart i alle fall harmoniske. I dag lurer eg av og til på kvifor eg endte med å velje så tradisjonelt, men eg er stolt av valet eg gjorde. Imidlertid trur eg nok at karrieren min fekk ein knekk eg framleis slit med.

Mamma valde yrkeslivet fordi ho kjende seg sjølv godt nok til å vite at ho ikkje ville ha orka livet som heimeverande. Ideelt ville ho nok helst ha vore meir saman med oss ungane den første tida, men arbeidslivet den gongen gjorde ikkje det mogeleg. Ho måtte kompensere med å jobbe dobbelt  – sjølv om faren min nok let seg oppdra til ein viss grad, var det ei anna tid også på heimebane.

Sjølv er eg for tida frilansar, noko som betyr at eg har god tid til ungane og jobbar med det eg likar best, men får inn lite pengar. Det er eit val som er perfekt for meg akkurat no, men eg kan ikkje ha det slik lenge, eg treng også pensjon ein dag.

Det er framleis mykje igjen å kjempe for når det gjeld likeløn og rettferdige vilkår i arbeidslivet. Men eg meinar bestemt at den einskilde ikkje kan gå rundt og vente på at samfunnet skal leggje alt til rette, eller la andres meiningar bestemme korleis ein skal ordne kvardagen sin.

Vaksne av begge kjønn må kjenne seg sjølv og finne praktiske løysingar for å forme eige liv: Er det viktig å gjere karriere, er det no relativt enkelt å få godt barnepass, og så får ein gi blaffen i ein del normer for korleis ei perfekt mor skal vere. Vil ein ha god tid med eigne born, er det fullt mogeleg å jobbe mindre og skru ned forbruket, for utgangspunktet er skyhøgt. Kvinner og menn i dagens Norge har ein enorm fridom til å forme eigne liv, vi må berre vere klar over kva konsekvensar vala får på lang sikt.

Den fridomen og dei rettane vi har i dag er også konsekvensar av val andre har tatt før oss. Så på kvinnedagen vil eg gjerne takke mamma og alle andre kvinner som har opna vegen. Gratulerer med dagen!

4 comments

  1. Fantastisk! Eg er einig i at ein skal kunne forme sitt eige liv. Jo, eg er for farspermisjon, for eg trur ikkje me har kome dit endå at det er akseptert at fedre ut frå eigen fri vilje vel å vere i permisjon, men å kunne velje sine eigne løysningar er heilt klart noko eg er for på andre måtar!!😀

    1. Takk! Eg er for pappapermisjon og det meste av likestillingstiltak. Men til sjuande og sist må ein sjølv ta ansvaret for å tilpasse kvardagen til sine eigne og ungane sine behov, for både ungar og vaksne er ulike på måtar som ikkje alltid følgjer kjønnsskilla. Til dømes er nokon høgsensitive og treng meir

  2. … ro og tid for seg sjølv. Andre har masse energi og høge ambisjonar, og er foreldra slik, er det sannsynelg at ungane også taklar eit høgt tempo godt. Trur eg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s