Positiv desintegrasjon

Eg har snubla over ein teori som ser på høgsensitivitet og psykiske kriser som eit positivt potensial for personleg utvikling.

Kazimierz Dąbrowski (1902–1980) var ein polsk psykiater som utvikla sin eigen teori om personleg utvikling, teorien om positiv desintegrasjon. Det står mykje å lese om denne på Wikipedia, men eg skal kjapt oppsummere mi forståing av kva som er det essensielle:

Dabrowski meinte at det er stor variasjon i kor stor personleg utvikling folk går gjennom i løpet av livet. Vi blir alle sosialiserte inn i dei rådande samfunnsnormene, og mange er nøgde med det livet gjennom. Dei fleste vil likevel oppleve kriser som involverer verdival, og utfallet kan enten bli at ein endar opp med å akseptere at det ein har blitt opplært i er det beste, eller at ein gjer individuelle val basert på ny kunnskap og eigne vurderingar.

Om ein tar val som krev at ein tek avstand frå normene ein tidlegare har levd etter, går ein gjennom ein frivillig «desintegrerasjon» frå samfunnet, kor ein i staden finn sin eigen måte å vere i verda på. Dabrowski skildrar fleire stadier på veg mot det høgaste nivået, som inneber at ein gjennom medvitne verdival har funne si eiga form for meining og dermed aktivt har forma sin eigen personlegdom. Personar på dette stadiet har funne ro og tryggleik i seg sjølv, dei er reflekterte, kreative og idealistiske og brukar ofte kreftene sine i arbeid som har som mål å endre verda til det betre.

Men vegen dit går gjennom kriser der heile identiteten står på spel, og det går ikkje alltid bra. Mange vil oppleve psykoser, angst eller depresjon, og nokre endar med å ta sitt eige liv. Dabrowski meinte at potensialet for personleg utvikling mellom anna viser seg som «overexcitabilities», altså at ein er spesielt mottakeleg for alle typar inntrykk. Han snakka ikkje om høgsensitivitet, det omgrepet har blitt til seinare, men det verkar nærliggjande å tru at omgrepa hans er spesielt relevante for HSP’ar.

Dei med stort utviklingspotensiale er også prega av det Dabrowski kallar den tredje faktor: Sterk indre trong til erkjenning, personeleg vekst og sjølvstende; å «finne seg sjølv» nesten uansett kva det medfører av vanskar. Ein konsekvens er at ein berre til ein viss grad har nytte av hjelp utanfrå, sidan poenget nettopp er å tenke sjølvstendig og definere sine eigne verdiar. Resultatet kan også bli konflikt med samfunnet ein tilhøyrer.

Når eg les om denne teorien, har eg ikkje den same opplevinga som då eg las om høgsensitivitet; dette er ikkje ein teori som definerer meg. Likevel har eg vore gjennom såpass mange større og mindre personelege «kriser», at eg opplever den positive tilnærminga som befriande. Mine kriser har vore av det slaget som ikkje har vore så synleg for andre, eg har til dømes ikkje vore medisinert eller innlagt på grunn av psykiske problem. Men at eg har hatt dette indre trykket, at eg har tenkt og følt meg inn i kriser i situasjonar andre truleg ville synes var relativt ukompliserte, har eg før tolka som teikn på veikskap eller «feil». No veit eg at mykje av det eg har opplevd heng saman med at eg er ein høgsensitiv som har prøvd å leve som om eg ikkje var det, og dermed ofte vore overstimulert og sliten. Livet har endra seg etter at eg såg den samanhengen. Likevel gjer det godt at Dabrowski peikar på nettopp den «oversensitive» sida mi som eit postivit potensiale.

Eg vil tru at mange fleire enn meg kan få eit nytt blikk på seg sjølv gjennom ideen om positiv desintegrasjon. Teorien gjer det nesten nærliggjande å tenkje at jo større psykiske vanskar ein har hatt, jo større er potensialet for utvikling. Det kan høyres forenklande og glorifiserande ut, men samstundes er pyskiske problem eit så sårbart område at det etter mi meining berre kan vere konstruktivt å sjå eit positivt potensial der andre ser sjukdom og mangel.

Her er ein tekst av Dabrowski, omsett frå polsk til engelsk, som viser oppvurderinga hans av den sensitiviteten som for mange kan ende i psykiske problem:

Be greeted psychoneurotics!

For you see sensitivity in the insensitivity of the world,
uncertainty among the world’s certainties.

For you often feel others as you feel yourselves.

For you feel the anxiety of the world, and
its bottomless narrowness and self-assurance.

For your phobia of washing your hands from the dirt of the world,
for your fear of being locked in the world’s limitations.
for your fear of the absurdity of existence.

For your subtlety in not telling others what you see in them.

For your awkwardness in dealing with practical things, and
for your practicalness in dealing with unknown things,
for your transcendental realism and lack of everyday realism,
for your exclusiveness and fear of losing close friends,
for your creativity and ecstasy,
for your maladjustment to that “which is” and adjustment to that which “ought to be”,
for your great but unutilized abilities.

For the belated appreciation of the real value of your greatness
which never allows the appreciation of the greatness
of those who will come after you.

For your being treated instead of treating others,
for your heavenly power being forever pushed down by brutal force;
for that which is prescient, unsaid, infinite in you.

For the loneliness and strangeness of your ways.

Be greeted!

Dabrowski, K. (1972) Psychoneurosis is not an illness, London: GRYF Publicati

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s