Kjensler, status og litterær kvalitet

Om eg hadde lese Viriginia Woolf, Siri Hustvedt og Elaine Aron tidlegare, hadde eg sannsynlegvis ikkje tort å skrive dei sintaste og ærlegaste – mange vil sikkert seie «sutrete» – blogginnlegga mine. Men truleg ville eg då også gått glipp av fleire postive utfordringar det siste året.

I blogginnlegget Pinleg privat eller ærleg og modig? spurde eg om det å vere vellukka gjer at bekjenningar av privat karakter blir positivt motteke, medan det vert sett som plagsamt og pinleg om den bekjennande personen ikkje framstår som attraktiv for nettverking. Sidan har eg lese tre bøker som har gitt meg nye perspektiv på denne problemstillinga og også kopla ho saman med eit anna stort tema: Spørsmålet om kjønn og vurdering av kunstnarleg kvalitet. Det er eit tema det er verd å reflektere rundt, slik også Vigdis Hjorth gjorde på Kritikerlagets seminar på Lillehammer i mai i år: «Når kvinners tekster avviker fra det gjengse, betraktes det som svakhet. Når menn avviker, blir det betraktet som veloverveide brudd med tradisjonen», var hennar påstand.

Spørsmålet eg kretsar rundt i denne teksten, er om kjensler knytt til status – og dermed indirekte kjønn – ikkje berre påverkar vurderingane våre av andre, men også av oss sjølv og verda generelt, og dermed også kvaliteten på det vi produserer.

Sinne er risikabelt
Psykolog Elaine Aron, også forfattar av fleire bøker om høgsensitivitet, skriv i sjølvhjelpsboka The Undervalued Self om to sosiale prosessar som på engelsk vert kalla «ranking» og «linking». På norsk vil eg kalle det rangering og kopling. Rangering er den prosessen kor vi vurderer andre og oss sjølve for å finne kor vi høyrer heime i forskjellige (uformelle) hierarki. Kopling er når vi byggjer sosiale relasjonar kor målet er støtte og samarbeid, ikkje konkurranse. Imidlertid vil alle relasjonar innehalde element av både rangering og kopling i vekslande grad.

Om ein har ein tendens til å vurdere seg sjølv lågt samanlikna med andre, ser ein gjerne rangering i alle situasjonar, også der andre ikkje er opptekne av dette. Dermed kan ein kome til å oppretthalde ei for låg vurdering av seg sjølv. Den beste medisinen mot dei negative konsekvensane av rangering, er nemleg kopling; når du opplever at andre ser det som verdifullt å vere saman med deg og vil deg vel, får du oppvurdert sjølvbildet ditt, og rangering blir mindre viktig og farleg. Men om du er for fokusert på rangering, kan du gå glipp av høve til å kome på vennskapeleg fot med andre.

Aron skriv at folk som vurderer seg sjølv lågt, ofte gir for lite uttrykk for sinne, og dermed ikkje får markert seg i møte med andre når det hadde vore på sin plass. Imidlertid er det riskosport å markere seg negativt:

Expressing anger is futile, however, if you rank very low, because others will usually ignore your demands. In fact, being angry and demanding when it is inappropriate or ineffective can lower your rank even further.

På godt norsk: Er du populær, vil eit sinneutbrot eller klagemål bli teke alvorleg og sannsynlegvis opplevd som påpeiking av noko reellt kritikkverdig. Har du låg status, vil du bli stempla som ein sutrepave, ein av alle dei som «konkurrerar om offerrolla». Ei realistisk vurdering av korleis ein blir sett av dei ein vender seg til, er difor avgjerande. (Eit aktuelt døme å prøve teorien på, er Dag Solstads utspel om kvaliteten på litteraturkritikken etter mottakinga av Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896. Grei ut og drøft!)

Bitre, sytande, rasande, paranoide
Historisk har dette vore eit stort problem for kvinnesaka: Kvinner hadde (og har framleis mange stader) så låg status at sinne, krav og klager lett blir ignorert, latterleggjort – eller rett og slett straffa.

Siri Hustvedt skildrar i romanen Denne flammende verden kor vanskeleg det er å overvinne denne typen motstand, både historisk og i kunstmiljø i New York i vår tid. Kunstnaren Harriet Burden vil vise verda at ho har blitt undervurdert fordi ho er kvinne, og det gjer ho ved å la menn presentere hennar kunst som sin eigen. Dei får då også meir merksemd og betre mottaking enn ho har fått tidlegare. Imidlertid går den tredje mannlege kunstnaren ho samarbeidar med bort frå avtalen når avsløringa skal skje, og Burden blir ikkje trudd når ho hevdar å vere kunstnaren bak suksessen.

Tittelen Denne flammende verden er lånt frå eit verk av Margaret Cavendish, «denne sekstenhundretallets uhyrlighet: En kvinnelig intellektuell.» Av samtidige, intellektuelle menn vart ho sett som ei gal, innbilsk, latterleg kvinne. Hustvedt lar Burden kommentere: «Det var lett. Det er fremdeles lett. Man bare nekter å svare kvinnen. Man går ikke i dialog med henne. Man lar ordene eller bildene hennes dø. Man snur seg bort.»

Handlinga i romanen illustrerer kor vanskeleg det er for ei kvinne å heve sin eigen status ved å protestere eller gjere opprør; måten ein nødvendigvis vil framstå på i ein slik situasjon – bitter, rasande, sytete, paranoid – blir brukt til å underbyggje påstanden om at problemet ligg hos kvinna sjølv.

Ei eiga stemme
Virginia Woolf skriv i essayet sitt om kvinner og litteratur, Et eget rom, både om den motstanden kvinnelege forfattarar har møtt frå menn og om kampen for dei materielle vilkåra som må vere til stades for at ein skal kunne konsentrere seg om skrivinga. Ikkje minst er ho oppteken av kor vanskeleg det er å finne si eiga litterære stemme i ei verd dominert av ein mannleg diskurs:

For en karakter, for en integritet det må ha krevd, stilt ovenfor all den kritikken, midt i det rendyrkede patriarkalske samfunnet, å holde fast ved ting slik de så dem uten å vike tilbake. Bare Jane Austen klarte det, og Emily Brontë. Det er nok en fjær i hatten for dem, kanskje den fineste. De skrev slik kvinner skriver, ikke slik menn skriver.

Sjølv om Woolf skryt av Austen og Brontë, er dommen hennar over mange andre kvinnelege forfattarar hard. Det illustrerer den vonde sirkelen som oppstår når ein har eit mindre privilegert utgangspunkt: Ein har dårlegare føresetnader for å lukkast, og når ein kjempar for å betre desse føresetnadande, kan kampen i seg sjølv skade både den sosiale statusen og det ein produserer. Tankane går til kvinnelitteraturen på 70-talet, som absolutt hadde ein sosial funksjon, men som sett under eitt vel har rykte for å vere litterært mindreverdig. Vurdert i tråd med Woolfs tankemåte er dette er eit reelt tap av kvalitet fordi ein ved å vere partisk misser det heilskapelege synet på verda som trengs for å skrive god litteratur:

Det er fatalt for en kvinne å legge den minste vekt på noe klagemål; å tale en sak, selv om den er berettiget; å tale bevisst som kvinne på noen som helst måte. Og «fatalt» er ingen talemåte, for alt som er skrevet med en slik bevisst ensidighet, er dødsdømt. Det er ubefruktet. (…) Hele sinnet må være vidåpent for at vi skal få følelsen av at forfatteren formidler sin erfaring i all dens fylde.

Dette er eigentleg ein påstand meir enn ei forklaring, så går det an å seie noko meir om kvifor litteratur med ei kampsak fort kan bli dårleg? Eg synes det har noko for seg å sjå dette i samband med det Elaine Aron skriv om skam og forsvar mot denne vonde kjensla.

Forsvar mot skam
Aron skriv: «Shame is the most potent and painful of the self-conscious emotions; our brain registers it as if it were physical pain.»

Fordi det er så smertefullt å kjenne skam, altså å oppleve at du i ditt innerste vesen ikkje er god nok og difor vil bli avvist av alle som skjønar korleis du verkeleg er, har vi ein del umedvitne forsvarsstrategiar som kan tre i kraft for å unngå denne kjensla. Dei er, ifølgje Aron:

  • Minimering: Late som di eiga rolle ikkje betyr noko, enten ved å hevde at di eiga rolle i ei (negativ) hending ikkje har vore avgjerande, eller at andre ikkje har rett til å forvente noko (postivt) av deg.
  • Skulde på andre: Å forklare at du har gjort feil eller kome til kort ved å peike på noko andre har gjort eller ikkje gjort.
  • Ikkje konkurrere: Late som rangering ikkje er viktig for deg for å slik knytte deg til andre (kopling).
  • Overprestere: Stadig arbeide for å oppnå høg rangering, men likevel aldri føle deg god nok.
  • Oppblåst sjølvbilete: Konstruere eit sjølvbilete som betre enn andre, gå langt for å skape dette inntrykket og fornekte alt som tydar på noko anna.
  • Projisering: Fornekte dine eigne feil, men stadig sjå desse feila hos andre.

Då eg las om desse forsvarsstrategiane fekk eg ei kjensle som kunne minne om fylleangst. For kva om mykje av det eg har skrive på denne bloggen seier meir om meg enn om realitetane? Spørsmålet om eg har gjort dårlege vurderingar av meg sjølv og mine eigne opplevingar på grunn av umedvitne forsvarsstrategiar er viktig på eit privat plan fordi resultatet potensielt er svært pinleg – eit presist språkleg uttrykk for korleis skam kjennest. Men det er av større prinsipiell interesse å sjå på kva kunnskap om slike forsvarsstrategiar kan tilføre spørsmålet om kjønn, sosial rang og vurdering av litterær kvalitet.

«Følelsenes røde lys»
Ifølgje Woolf startar ikkje spørsmålet om litterær kvalitet hos kvinner og menn med forskjellar i evner, det startar med ulike økonomiske og materielle vilkår. Men før ho kjem så langt, har ho studert kva menn har skrive om kvinner, og funne at emnet er ladd med emosjonar på begge sider. Ho skildrar sin eigen reaksjon når ho les kva mange menn skriv om kvifor kvinner er mindreverdige:

Hjertet mitt hoppet. Kinnene brant. Jeg ble rød av sinne. Det var ikke spesielt merkverdig, selv om det var dumt. Man liker ikke å få høre at man av natur er mindre verd enn en liten mann (…) som puster tungt, går med ferdigknyttet slips og ikke har barbert seg på fjorten dager. På visse punkter er man latterlig forfengelig.

Sinne er ein forsvarsmekanisme, og Woolf ser sin eigen reaksjon i samanheng med tonen som pregar dei mannlege tekstane. Ho kjem deretter fram til at det menn påstår om kvinner, er ubrukeleg fordi dei er for prega av umedvite sinne og trang til å hevde seg – ikkje som tenkjarar, men som menn:

Hvorfor var de sinte? For når man prøvde å analysere virkningen av disse bøkene, var det alltid et visst element av opphisselse til stede. Den antok ulike former, den viste seg i satire, i følelser, i nysgjerrighet, i fordømmelse. Men det var et annet element som ofte var til stede, og ikke uten videre lot seg identifisere. Sinne, kalte jeg det. Men det var et sinne som hadde gått under jorden og blandet seg med alle slags andre følelser. Etter de underlige virkningene å dømme, var det et maskert og mangfoldig sinne, ikke noe likefremt og åpent sinne. Hva nå grunnen kunne være, så er alle disse bøkene, tenkte jeg og betraktet haugen på pulten, udugelige til mitt formål. Det vil si, de var vitenskapelig udugelige, selv om de menneskelig sett var fulle av opplysninger, interesse, kjedsomhet og besynderlige fakta om sedvaner hos befolkningen på Fiji-øyene. De var skrevet i følelsenes røde lys, og ikke i sannhetens hvite lys.

Sinne er altså eit dårleg utgangspunkt for å skape innsiktsfull litteratur, er Woolfs påstand. Men kvifor oppstår dette sinnet i møte med kvinner som hevdar å vere menn likeverdige? I utforskinga si av dette kjem Woolf inn på det Elaine Aron ville kalla rangering:

Uten selvtillit er vi som spedbarn i vuggen. Og hvordan kan vi raskest skape denne ubestemmelige egenskapen, som likevel er så uvurderlig? Ved å tenke at andre mennesker er oss underlegne. (…) Det er derfor det blir så kolossalt viktig for en patriark som må erobre, som må herske, å føle at et stort antall mennesker, ja, halve menneskeheten, av natur er mindre verd enn ham selv.

Her seier ho altså at menn hadde (vurder sjølv om presens-form er på sin plass her) eit psykologisk behov for å rangere seg sjølv over alle kvinner, og det er lett å tenkje seg vidare at dette ville vere spesielt aktuelt om dei ikkje kom så godt ut av det i rangeringa blant andre menn.

Sjølvinnsikt og vurderingsevne
Dermed er vi tilbake til Woolfs påstand om at «Det er fatalt for en kvinne å legge den minste vekt på noe klagemål; å tale en sak, selv om den er berettiget». Påstanden vil gjelde både kvinner og menn idet dei blir partiske i staden for å skrive «i sannhetens hvite lys». For problemet med forsvarsmekanismar – enten det er sinne eller andre strategiar – er jo at dei i sin natur er reiskapar konstruerte for å gi oss det vi treng på eit emosjonelt plan, ikkje for å gi oss eit representativt og balansert bilete av verda. Eit forsvar må byggjast opp etter kraft og motkraft-prinsippet, det er difor i utgangspunktet ubalansert. Om Woolf har rett, må stor litteratur vere balansert, både i tydinga open både for det kvinnelege og det mannlege, og i tydinga ikkje styrt av partiske kjensler. Den må med andre ord vere moden, og Woolf har ikkje høge tankar om det å kjempe om rang:

Hele denne praksisen med å sette kjønn opp mot kjønn, egenskap opp mot egenskap; med å hevde sin egen overlegenhet og andres underlegenhet, tilhører privatskolestadiet i menneskelivet, der det er «sider», og der den ene siden absolutt må slå den andre siden, og det er av største betydning å gå opp på et podium og få overrakt en meget dekorativ vase av rektor. Når folk blir mer modne, slutter de å være opptatt av sider og rektorer og meget dekorative vaser.

Ja, kva skal ein seie. Om Woolf har rett, er ikkje den litterære institusjonen i Noreg utprega moden, i alle fall er vi svært så opptatt av utdeling av prisar og av å bli assosierte med dei «rette» folka. Samstundes kan det vel vere at Woolf har for høge tankar også om modne vaksne, for skal vi tru Aron, er rangering eit fenomen vi må takle livet gjennom. Men sidan god dømmekraft er essensielt både sosialt og i vurdering av kvalitet, er det ikkje uvesentleg om vi tenkjer og skriv i «følelsenes røde lys» eller «i sannhetens hvite lys». Og for å vite det, trengs sjølvinnsikt. Vigdis Hjorth sa noko klokt om det på det tidlegare nemde kritikarseminaret:

Jeg ønsker meg at de i kritikken gjør rede for hva de er opptatt av, hvor de er når de leser, som forklaring på hvordan de reagerer på en bok. En slik forpliktelse vil kanskje også gjøre dem mer klar over disse sammenhengene. Min opplevelse er at umiddelbar antipati ofte skyldes at noen ligner på meg – det er veldig pinlig, for øvrig.

Kjensler er notid
Her tilbyr Hjorth eit interessant perspektiv på kvifor vi mislikar det vi mislikar – kanskje kan forsvarsmekanismen projisering av og til forklare mykje? At umedvitne forsvarsmekanismar kan påverke kritikken er eg ikkje i tvil om. Og det einaste ein kan gjere med det, er å jobbe for å få betre sjølvinnsikt og evne til realistiske vurderingar av seg sjølv og eige arbeid. Det trur eg ville gjere både forfattarar til betre forfattarar og kritikarar til betre kritikarar.

Når det gjeld mine eigne utblåsningar her på bloggen, så er eg ganske sikker på at dei var den utløysande årsaka til at eg vart invitert til fem interessante og givande kritikaroppdrag. Så då får det ikkje vere så nøye om det er smått pinleg å innsjå at eg innimellom har skrive «i følelsenes røde lys». Eg har nok gjort ei og anna feilvurdering, og vil gjere det igjen. Men av og til er det på sin plass å vise kjensler, og av og til vil det vere viktigare å få formidla noko viktig der og då enn å skrive noko som står seg for ettertida. Det siste er då også noko svært få av oss vil kunne oppnå, og oppleve det personleg får vi no uansett ikkje.

Les heile intervjuet med Vigdis Hjort på nettsida til Norsk kritikerlag.

Eg har skrive meir om Et eget rom av Virginia Woolf i innlegget «Det er fatalt å ganske enkelt være mann eller kvinne»

6 comments

  1. Reblogged this on En spade er en spade! and commented:
    Kan det være noe med den lave statusen, avisenes “nå sutrer lærerne igjen” og holdningen til lærere generelt som gjør at lærere akter seg vel for å kjempe skolens sak offentlig? Man blir bare sett på som sutrete likevel? Godt skrevet om følelser og status og det risikable sinnet.

    1. Takk for reblogging og fin kommentar! Mitt inntrykk er at svært mange meiner at lærarar gjer ein viktig jobb og har stor sympati for problema i læraryrket. Eg trur likevel at det er ein viss fare for å bli sett på som sutrete så snart ein kjempar for si eiga sak. Og det skal vel ikkje så mykje til før lærarar får dette med “lærarferien” slengt mot seg … Eg har mange lærarar i familien, så kjenner godt til det. Men spesielt det som handlar om skjemavelde trur eg det er stor stemning for å gjere opprør mot i alle delar av samfunnet, så eg håpar verkeleg også lærarane held fram med å seie frå om det som fører skulen i feil retning!

      1. Takk for støtten! Jeg jobber heldigvis et sted skjemaveldet ikke har tatt helt av, men støtter de som kjemper den saken. Min kamp handler om vold i skolen og alle barna som lider under det.

        Det du skrev har allmengyldig interesse, så håper det var greit at jeg koblet det opp til vår sak.

        Et interessant oppfølgingsspørsmål er om noen noen gang har gått fra lav status til høy PÅ GRUNN AV at de sier ifra.😉

        Ha en fin mandag:-)

      2. Interessant spørsmål! Det skulle ikkje forundre meg om det har skjedd, ein kan jo tenke seg situasjonar der den som tør får støtte av mange i samme situasjon. Skulle gjerne visst meir om det! Generelt trur eg imidlertid det er ei stor påkjenning å vere ein varslar. God mandag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s