Hjerneunder

Hjernen, altså. Ein morgon drøymer du at ei kvinne du kjenner ligg i ei hengekøye nesten heilt oppe under taket, rett under eit lysstoffrør, og får kraftige elektrisk støyt. Og du vaknar kaldsvett og blytung.

Ein annan morgon drøymer du at du er i ei loftsleiligheit som er underleg kjent, og du er sikker på at du har ei form for eigarskap til desse små romma. Men det ser ut som andre har tatt seg ganske mykje til rette der, sett ut nye møblar, lagt frå seg skrot. Og plutseleg tar folk til å kome inn, dørene står på vidt gap. Men du blir ikkje irritert, tvert om:

Ei kvinne med vide, raude klede og oppsatt hår ammar ein av sine to rasehundar, men sluttar då ho ser deg og viser seg å vere utruleg hyggeleg. Du kjem i prat med fleire, og det kjennest som du liksom høyrer saman med dei. Og så lurer du på om du kanskje er vaken, du ligg og svimrar i ei merkeleg mellomtilstand der alt er berre spennande, fint og deilig.

Og når du omsider vaknar på ordentleg er alt annleis enn det var berre for ein time sidan då du stod opp for å gå på do og alt var vanskeleg. Og du kjennner håpet i at du har dette også i deg. Alt er der inne ein stad, både det vanskelege og det gode, merkverdig uavhengig av kva som elles skjer i livet, eller kanskje heng det berre saman på måtar du enno ikkje har skjøna. Du må berre få opna dei rette skuffene, dei med dei gode minna og kjenslene, den opnande fantasien, og du lurer på om meditasjon kanskje er vegen å gå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s