Å dikte historia fram

Det følgjande er ein tekst eg skreiv i 2013 etter debatten rundt Dag Solstads roman «Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896», men som aldri kom på trykk. I lys av debatten rundt bruken av levande modellar den siste tida, og etterlysingar av forfattarar som i staden for å skrive om seg sjølv brukar fantasien, tenkjer eg at denne vinklinga på kvifor litterær innleving er viktig, har fått ny relevans.

Dag Solstad vil ikkje dikte om historiske personar. William Faulkners roman Absalom, Absalom! viser kvifor det er naudsynt å fortelje historia igjen og igjen, både gjennom dikting og forsking.

Då Dag Solstad gav ut romanen Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896 (2013) sa han at han ikkje ville dikte om kva menneska i hans eiga slekt kan ha tenkt og følt. I staden skreiv han ein tekst som mest liknar ættetavlene i Det gamle testamentet. Reaksjonane blant litteraturkritikarane varierte frå full avvising; at dette er uuthaldeleg keisamt og dessutan ikkje ein roman, til lovprising av protesten og det eksperimentelle ved prosjektet.

Eg er mest oppteken av den problemstillinga Solstad tek opp: Har det noko for seg å dikte fram korleis menneske i historisk tid kan ha tenkt og følt?

Ein av dei store modernistiske romanane frå det 20. århundret er ein demonstrasjon av kor viktig og komplisert dette spørsmålet er: Absalom, Absalom! av William Faulkner frå 1936 kan ein karakterisere som ein eksperimentell historisk roman, men også som ein eksistensiell og undergravande kriminalroman. For spørsmålet er ikkje kven mordaren er, men kva motivet var. Utforskinga av dette viser at sanninga om fortida aldri går opp på nokon eintydig måte. Eit historisk drama er ikkje som ei kriminalforteljinga kor sanninga alltid «kjem for ein dag».

Men om ein ikkje prøvar å leve seg inn i dei historiske vilkåra, vil ein heller ikkje sjå verken kor store forskjellane mellom ulike livsopplevingar faktisk er, eller kva som likevel var likt då og no.

Møte med det ukjende
Å lese Absalom, Absalom! gav meg først ei sjokkarta oppleving av kor sterke kjensler spørsmålet om raseblanding sette i sving i Sørstatane. Lesing av forsking på Faulkners vidgjetne roman utdjupa seinare forståinga mi. Til dømes let kontekstualiseringa meg skjøne meir av kvifor tapet av raseskillet vart opplevd som ein trugsel mot både den sosiale og den moralske samfunnsordenen i Sørstatane, og dermed kvifor rasismen der viste seg så vanskeleg å fordrive. Sjølvsagt kan eg ikkje seie at eg no skjønar dei ulike periodane og mentalitetane som vert skildra i romanen fullt ut, men eg har i alle fall eit mykje meir nyansert bilete enn før. (Les artikkelen eg har skrive for Bokvennen om Absalom, Absalom! her)

Arbeidet med Absalom, Absalom! fekk meg difor til å innsjå at vi som lever no ikkje på grunnlag av generell ålmenndaning kan rekne med å sjå alle laga av meining i ei forteljing frå ei anna tid. Verda vi lever i no, ser heilt annleis ut enn ho gjorde for menneske til andre tider. Sosiale og politiske realitetar, normer og tankesett som var sjølvsagde ein gong, enten det var etter den amerikanske borgarkrigen i 1865, i 1909, som er tidspunktet forteljarane i Absalom, Absalom! fortel frå, eller i 1936 då romanen kom ut, kan vere så langt frå vår notidige mentalitet og oppleving av verda at det er vanskeleg å førestelle seg det, og kvar ny bit av informasjon kan endre forståinga vår.

Solstad har difor eit poeng når han peikar på kor vanskeleg det er å vite korleis det indre livet til menneske i ei anna tid har arta seg. Og, som Ane Farsethås påpeika i meldinga si i Morgenbladet, kan ein lese Solstads romanprosjekt som eit innlegg i debatten rundt bruken av autentiske personar som litterært materiale. Ved å ikkje prøve å dikte fram livsopplevinga til historiske menneske, unngår ein å skape ein versjon av sanninga som er eit potensielt overgrep mot den som blir skildra.

Men på den måten får ein heller ikkje sagt særleg meir enn at folk levde, arbeidde og døydde, og at dei levde i eit heilt anna samfunn enn vi. Sjølv om knappe, biografiske opplysningar kan opne for fantasien til lesaren, reduserer ein slik strategi møtet med fortida til nokre flyktige assosiasjonar hos den einskilde.

Ein god forfattar kan, med sin innsats som researcher og evne til innleving og skriftleg framstelling, gi oss noko mykje meir enn det kvar lesar har sjanse til å skjøne på eiga hand i møte med tørre fakta. Det er talande at det Farsethås framhevar som minneverdig i Solstads roman, er dei stadene der han faktisk lar fantasien sleppe til med tolking og kommentarar.

Historie som fiksjon
Absalom, Absalom! er ei fiksjonsforteljing, medan Dag Solstad fortel om si eiga slekthistorie. Likevel er mykje av det som er skrive om Faulkners roman relevant for spørsmålet om det er riktig å dikte seg «inn i hovuda» på historiske personar. For, på same måte som sjølvbiografisk skjønnlitteratur har utfordra kva vi tenkjer om skiljet mellom fakta og fiksjon, kan også refleksjonar om den historiske romanen rokke ved førestillinga om at det er eit absolutt skilje mellom sikker kunnskap og fiksjon. For korleis har den overleverte historiske kunnskapen blitt til?

Sjølv kortfatta biografiske opplysningar frå kyrkjebøker eller andre offentlege register kan vere feil, og ikkje minst kan det mangle vesentleg informasjon som ville gitt eit meir nyansert og dermed annleis bilete av dei omtala menneska. Spørsmålet om årsakssamanhengar er endå meir komplisert, og vil alltid i stor grad vere tufta på tolking og i kor stor grad alle relevant informasjon er kjend eller vurdert. Historieforskarar kan nok seie mykje om kva som er truverdig kjelder og ikkje, men eg trur dei også vil vere samde i at delar av det som har blitt rekna som sikker kunnskap om fortida, kan vise seg å enten vere misvisande, eller berre delar av eit større bilete.

At Faulkner i Absalom, Absalom! tar utgangspunkt i ei mordgåte som han så presenterer ulike mogelege løysingar på, har blitt lese som ein påstand om at all historie er fiksjon: Som løysinga i ein kriminalroman, er også historiske hendingar berre tilgjenglege gjennom meir eller mindre informerte rekonstruksjonar. Stig Sæterbakken formulerte det slik i Marginals temanummer om Faulker i 1995: «de tilfeldige biter av kunnskap som foreligger (er) allerede blitt brutt ned og bygget opp igjen gjennom flere ledd (…) Gjenfortellingen blir virkelighet fordi ingen annen virkelighet er oppnåelig».

Naudsynt innleving
Eit sentralt spørsmål i lesinga av Absalom, Absalom! er difor kva ein versjon av ei historie seier om den som fortel, eller om tida ein fortel frå. Det er eit spørsmål det ofte er på sin plass å stille, både i og utanfor litteraturen; til alt som til saman utgjer sirkulasjonen av påstandar og forteljingar om røynda i den offentlege samtalen. Kva ein ser i andre tider og andre menneske, seier også noko om ein sjølv, kva ein har kunnskap og erfaring nok til å sjå.

Litteraturforskaren Cleanth Brooks har lese Faulkners roman som ein påstand om at fantasien er uomgjengeleg, at vi rett og slett ikkje kan håpe å forstå noko om fortida utan leve oss inn i dei historiske personane:

”…Absalom, Absalom! is a persuasive commentary upon the thesis that much of ‘history’ is really a kind of imaginative construction. The past always remains at some level a mystery, but if we are to hope to understand it in any way, we must enter into it and project ourselves imaginatively into the attitudes and emotions of the historical figures.” (History and the Sense of the Tragic, 1963)

Den viktigaste måten ein skjønnlitterær forfattar med sjølvinnsikt, fantasi og evne til empatisk innleving kan gi lesaren innsikt på, er ved å aktivere kjenslene. På den måten kan lesaren på eit vis erfare eit svakt gjenskin av korleis historiske personar kan ha erfart det dei opplevde.

Innleving i kva andre menneske kan ha tenkt og følt, kan aldri gi sikker kunnskap, men all historisk framstilling inneber uansett ein grad av tolking. Ei litterær skildring av historia kan både vere eit viktig supplement til og ein korreksjon av historiefaget, og blir i sin tur eit tidsdokument. Ikkje berre om den historiske tida som vert framstilt, men om den samtida forteljinga er fortalt frå og retta mot.

Ingen kan krevje at også Solstad eller andre forfattarar skal gi seg i kast med den store oppgåva det er å dikte fortida fram på denne måten. Men det vil vere eit tap både for samtida og historia om forfattarar sluttar å dikte seg inn i ukjende menneske og fjerne tider, for det er ei dør til forståing berre litteraturen kan opne.

Les meir om Absalom, Absalom! her:
Blod i kok: Absalom, Absalom!
Kulturmannens uskuld

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s