Differensierte meg

Ein kan ikkje gi seg sjølv eit nytt nervesystem ved å «berre ta seg saman». Det er som å bestemme seg for å ikkje lenger ha hud som lett blir solbrent.

Etter at prinsesse Märtha Louise gav ut boka Født sensitiv og snakka om det på Skavlan for eit par veker sidan, har det blitt ein del debatt om høgsensitivitet – og eg har sjølvsagt ikkje klart å halde meg unna. Og eg har tenkt mykje på det – fram og tilbake, rundt og rundt; samanlikningar, generaliseringar og nyanseringar i stadig nye variantar.

Eg likar ikkje termen «høgsensitiv».  – Herregud, er det verkeleg nokon der ute som trur at det er kult å gå rundt og seie at: «Eg er nemleg så innmari følsom – høgsensitiv, faktisk!» Likevel gjer eg altså det, men tru meg: Det er berre i mangel på betre ord. (Og eg kan ikkje godta at det berre er eit anna ord for å vere introvert – som nokon har påstått. Eg har tatt diverse online personlegdomstestar, og eg kjem alltid ut omtrent på midten av skalaen for ekstroversjon, så vidt på den introverte sida.)

Eg googla litt rundt i samband med debatten om omgrepet, og då hamna eg på ei Wikipedia-side om noko som vart kalla «differential susceptibility»  – altså differensiert mottakelegheit. Så heilt uhøgtideleg har eg bestemt meg for å seie at eg er litt differensiert av meg.

Alt eg har lese tydar på at dette handlar om noko så prosaisk som korleis nervesystemet er kalibrert, so to speak. Nokre er løvetannbarn, andre er det motsette. Ein kan kanskje gjennom eksponering øve seg opp til å tåle meir input utan å bli utslitt, eller finne meistringsstrategiar, men berre til ei viss grense. Ein kan ikkje hindre seg sjølv i å bli plaga av eit støyande miljø, legge merke til nyansane i smaken på maten ein et eller om folk seier noko anna med kroppsspråket enn dei seier med ord – ikkje meir enn ein kan slutte å ha lys hud som lett blir solbrent.

Faktisk kan det ha svært negative konsekvensar å ikkje ta signala i kroppen alvorleg. Eg har alltid vore vâr for lyd og har vore forsiktig med å gå på bråkete konsertar og ha høg lyd i øyretelefonane. Likevel var eg ikkje forsiktig nok: For fem år sidan utvikla eg tinnitus – ein tydeleg pipelyd i venstre høyre som eg høyrer på akkurat no, og ein svakare, meir varierande lyd på høgre øyre. Oppsida av det er at eg er mindre plaga av ytre støy fordi eg rett og slett høyrer dårlegare.

Det eg heller ikkje kan hindre, er at eg treng lang tid på å gire ned tankane etter ein dag med jamn aktivitet utan pausar. Så no ligg eg her igjen på sofaen og klarer ikkje å slappe av. Det som har skjedd er ikkje anna enn dette:

Eg har hatt ein roleg dag på kontoret i sentrum frå 8.30-15.30, så såg eg ein kinofilm saman med mannen min, og då vi kom heim, serverte han meg middag. Så skulle eg endeleg få meg ein liten lur på sofaen. Ungane er på ferie, og det er heilt stilt i huset. Men no er klokka godt over 20.00, og eg har berre lege her og høyrt på hjartet mitt som bankar medan hovudet går varmt. Éin liten skrapelyd på ytterdøra er nok til at eg sprett opp og slepp inn katten. Eg får og svarar på eit par tekstmeldingar. Så gir eg opp og finn fram datamaskina.

Og så har eg det eigentleg heilt fint likevel.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s