Kven og kvifor

Min personlege tenketank

Eg debuterte som skribent i Bøygen i 1997, og har publisert bokmeldingar meir eller mindre sporadisk sidan hausten 2000, frå 2005 i Dag og Tid. Denne bloggen vart til i 2011 fordi eg var frustrert over at eg som fulltidsarbeidande småbarnsmor hadde så lite tid og overskot til å fordjupe meg i og skrive om litteratur på den måten eg gjerne ville. Ved å blogge fekk eg bearbeida alt som surra i hovudet mitt, enten det handla om litteratur og kritikk eller meir generelle tankar om livet. Å skrive vart ein måte å hjelpe meg sjølv vidare på.

Etter to år med blogging har eg no kome så langt at eg tør å gjere det eg har hatt lyst til lenge: Eg har sagt opp dagjobben og skal utforske kva eg – både økonomisk og personleg – kan få ut av å prøve meg som frilansskribent. På litt sikt må eg truleg inn vanleg lønsarbeid igjen, men enn så lenge …

Alt eg har skrive om kritikk har hjelpt meg å sjå meir av kven eg sjølv er, og ønskar å vere, som skribent og kritikar. Eg blir nok aldri ein slik som uttalar seg med autoritet om samtidslitteraturen sett under eitt eller dei lange linjene i litteraturhistoria. Snarare er litteraturen for meg ein av fleire inngangar til vidare eksistensielle spørsmål.

Samstundes som mine private frustrasjonar har blitt mindre, har frustrasjonen og redsla for utviklinga i verda elles blitt større. Eg er svært bekymra for kva ei blå-blå regjering kan finne på å gjere av vanskeleg reversible endringar i den velferdsmodellen som har gjort Noreg til eit egalitært, trygt og tillitsfullt samfunn. Eg er òg svært bekymra for dei klimaendringane som vi ser meir og meir av. Kvifor tek ikkje politikarane dette på alvor?

Årsakane har altså endra seg, men sett frå min synsstad er tilstandane framleis kritiske, og eg vil blogge vidare om det som opptek meg. Eg skriv for det meste om litteratur og kritikk, men er også oppteken av psykologi og samfunnsspørsmål.

Denne bloggen er min personlege tenketank, så her kan i prinsippet alt skje!

Merete Røsvik Granlund, juni 2013

Tidlegare publiserte bokmeldingar og artiklar: Meldingar til massene.

5 comments

  1. Fin side på fleire måtar. Kom nettopp over den i dag og planlegg å sjå nærare på den. Det var mine politiske interesser som gjorde at eg kom over sida di. For eks ei setning der du skriv: “Det er lite vits i å satse på forskning og utdanning dersom fagkunnskap som kræsjar i det ideologiske grunnfjellet konsekvent blir ignorert.”

    I vår laga eg også mi eiga heimeside – “i all beskjedenhet” som det heiter: http://framilyset.com/
    Du får ha lukke til vidare.
    Mvh
    Odd Tarberg

      1. Hei igjen! Sidan du ikkje har kommentarfelt, kommenterer eg her: Har sett på sida di, og det er tydeleg at vi er samde om mykje. Ser at du også er sunnmøring. Har sansen for at du er engasjert utan å vere sjølvhøgtidleg! “Hovudmistenkt: Markedsliberalismen” :-))

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s