frilansliv

Fri og frynsete

Det var fint å være alene, syntes Werner.
Det var rolig.

Gro Dahle: Ikke gi opp håpet, Werner (2005)

Sidan 1. august i år har eg vore frilansar på heiltid – nesten. Eg har hatt ei bokmelding på trykk kvar veke, og så har eg jobba tre timar i veka som nettredaktør for Kritikerlaget. Eg har også jobba fem torsdagar for den gamle jobben min på universitetet, sidan dei trengte litt hjelp i ein overgangsperiode.

Førre veke var eg i Tromsø for å skrive om Ordkalotten internasjonale litteraturfestival for Dag og Tid, og eg var ikkje heilt ferdig med tekstane til avisa før i går ettermiddag. Så sant eg ikkje er begeistra eller har hissa meg opp over noko, har eg vanlegvis ein trang til å uttale meg med ei meng av atterhald og modererande ord, noko avisredaktøren sjølvsagt ikkje hadde sansen for. Så eg måtte gå nokre runder og skjerpe formuleringane. Eg var altså ikkje udelt positiv til opplegget i Tromsø, når eg verkeleg kjende etter, samstundes føles det ikkje så greit å vere deltakar på ein festival og så reise heim og vere kritisk.

– Du skal ikkje få vener, du, veit du, sa redaktør Gjerdåker til meg i telefonen, og det er vel kanskje det som plagar meg innimellom. Avisa og publikum har sjølvsagt interesse av tydeleg tale, dei bryr seg jo ikkje om kva arrangørane føler. Eg bryr meg eigentleg om det, men kan ikkje tenke slik. It’s a dirty job, but someone’s gotta do it.

Denne veka er altså den første veka sidan sommarferien der eg er heime aleine kvar dag. Heilt aleine – frå ungane går klokka åtte til dei kjem att kvart på fire. Det er, som Werner slo fast, roleg. Av og til kjennest det som eg har blitt førtidspensjonert. Så minner eg meg sjølv på at eg faktisk jobbar. Det blir kanskje ein tur på butikken eller biblioteket i løpet av dagen, men stort sett sit eg ved maskina og enten jobbar eller skiftar frenetisk mellom eposten og diverse sosiale medier medan eg prøvar å kome igang med å jobbe. Nokre dagar kan eg leggje meg på sofaen og berre lese ei bok, og kalle det jobb. Det er fantastisk!

I dag har eg jobba med nye søknader om stipend for kritikarar. Ein av fleire ting ein frilansar driv med utan å vite om det blir pengar av det. Det er så langt ikkje eigentleg tanken på inntekta no som er det verste med å ikkje ha vanleg løn, men tanken på pensjonsalderen. Og av og til tanken på at ungane kanskje må klare seg med færre ting og færre ferieturar enn andre ungar. På den andre sida trur eg at det er det beste både for ungane mine og for miljøet at vi har meir tid saman enn mykje pengar til forbruk. Og det finst ingen garanti for å nå pensjonsalderen …

Men nokre dagar er serotonin-nivået i hjerna farleg lågt, og då er eg overtydd om at ikkje berre fell eg no utanfor arbeidslivet og ein anstendig levestandard for resten av livet, men eg er også ubrukeleg både som kritikar og mor. Dessutan innser eg at framtida aldri er mørkare enn når ein god epoke går mot slutten, og til ei forandring kjennest det som dette ikkje berre gjeld resten av verda, men også Noreg. Pressestøttekutt, privatisering, pokerturneringar og proffboksing. Pokker ta dei!

Likevel verkar verda alltid som ein litt betre stad når eg har fått levert eit arbeid og kvilt meg, kanskje gått ein tur i det fine haustveret.

Eg skal prøve å finne ut kven eg er som skrivande menneske og kva slags arbeidsliv eg vil ha dei neste åra. Skal eg verkeleg vere den som stadig vekk kjem med dei kritiske innvendingane?

Hm.

Hm.

Fredag 8. februar 2013

Tidleg i haust hadde eg ein intensjon om å skrive om korleis livet mitt som kritikar arta seg frå dag til dag. Det varte ikkje så lenge, delvis fordi det ville bli mange gjentakingar, delvis fordi eg var redd det ville bli for keisamt. I staden vart det etterkvart fleire lange innlegg av fagleg karakter, noko som truleg skremte vekk fleire av dei få lesarane eg hadde.

Eg har ikkje tenkt å begynne å skrive dagbok igjen. Men idag vart berre ein sånn dag … Eg har nyleg levert to tekstar og gledde meg til å kaste meg over nye, spennande prosjekt – og så blei dagen borte utan at eg har lese éit einaste ord i ei bok, og heller ikkje tenkt eller skrive noko interessant. Så eg byrja å lure på kor dagen hadde blitt av. Her er fasit (alle tider er sjølvsagt cirkatider):

6.40: Klokkeradioen skrur seg på. Trykkjer på ”slumre” – to gongar

7.00: Får tre ungar inn i senga som insisterer på å ligge hos meg. Ein oppå, ein i kvar armkrok

7.10-8.00: Får ungane til å kle på seg, ete frukost, pusse tennene, ta på uteklede og få med alt utstyr (saman med faren deira)

8-8.40: Følgje sju seksåringar til skulen (to av dei er mine).

8.40-9.30: Les og svarar på epost for den andre jobben min, blir oppringt ifm. samme jobb, legg eit par avtalar inn i kalenderen.

9.30-10.30: Les av straummålaren. Tar med klede opp frå kjellaren og brettar dei. Lurer på kva det neste kritikkprosjektet mitt skal bli. Skriv epost med forslag om bokessay til Dag og Tid. Set på ein klesvask.

10.30-12.00: Handletur for å kjøpe to bursdaggåver, 20 bursdagskort til kommande barneselskap, mat og familiens første smarttelefon.

12-12.45: Et lunsj med mannen min, som er heime fordi han er sjuk

12.45-13.45: Jobbar med eit oppdrag for Kritikarlaget

13.45-14.15: Får avslag på forslaget til Dag og Tid, men forslag om ny bok å melde. Googlar boka, avslår. Leitar etter andre aktuelle bøker. Tilbyr samme bokessay til Aftenposten K.

14.15-14.45: Fiklar med den nye smarttelefonen.

14.45-15.30: Hentar ungane på skulen (dei har halv plass på Aktivitetsskulen, difor kort dag på fredagar).

15.30-16.20: Lagar og et middag saman med familien

16.20-16.50: Pakkar inn gåve til barnebursdag og leverer dottera mi i bursdag.

16.50-19.00: Slappar av, les i Morgonbladet og Dag og Tid, sjekkar epost. Får avslag frå Aftenposten K på bokessayidé og tilbud om god bok frå Dag og Tid. Går på Facebook.

19-19.20: Et kveldsmat med gutane

19.20-19.45: Hentar dottera mi i bursdag

19.45-20.10: Er saman med dottera mi, gir henne kveldsmat

20.10-20.40: Legg dei to minste og les for dei.

20.40-21.30: Sit på sofaen og ser på tv. Eldstemann sovnar i fanget mitt og blir lagt av faren.

21.30-22: Slumrar på sofaen. Begynner å lure på kor dagen blei av. Innser at eg berre har gjort éin time med lønna arbeid i løpet av dagen. Bestemmer meg for å skrive alt ned. QI i bakgrunnen.

22-23: Publiserer blogginnlegg. Ser på tv og lurer på om det berre er dumt å legge ut slikt på nettet. Lurer på om det er endå dummare å satse på livet som frilansar til hausten.

23-23.30: Et sjokolade og utset i det lengste å legge meg. Legg meg.

Med hjerna i handa

Korleis det er med den kritiske tilstanden idag? Takk, berre bra. Stabil. Riktignok har eg funne ut at namnet på bloggen min er bøygd i feil kjønn, det heiter visst ein tilstand – tilstanden – tilstandar – tilstandane. Men eg likar ikkje lyden av kritiske tilstandar, så eg har tenkt å praktisere personleg rettskriving og bøye ordet som om det var hokjønn. Eg er jo hokjønn, er ikkje det grunn god nok?

Men elles har det vore ein riktig god dag. Eg har gjort ferdig eit bokessay om forfattarskapen til Merethe Lindstrøm. Riktignok for andre gong, tidlegare hadde eg skrive eit på 4000 teikn basert på ein artikkel på 36 000 teikn, men så fekk eg beskjed om at eg kunne utvide til 8000 teikn. Dermed fekk eg med alt det eg syntes var viktigast å få med, og er særs nøgd med det. Teksten kjem i Aftenposten K i desember. Eg brukte mykje tid på bøkene til Merethe Lindstrøm i sommar og det er veldig bra for meg at eg kan få to lønna artiklar ut av det i staden for ein. Men, sjølv om Aftenposten K er blant dei som betaler anstendig, tør eg ikkje rekne på kva eg sit igjen med av profitt etter å ha brukt kanskje ein månad med normal arbeidstid (kanskje meir, eg anar verkeleg ikkje) på det som blir to tekstar, ein lang artikkel og eit kort bokessay.

Men sånn er det å vere kritikar i Norge, og i resten av Norden står det heller verre enn betre til; vi vil så gjerne lese, tenke og skrive at vi blir gåande rundt med hjerna i handa og tilby evnene våre for småpengar, om ikkje rett og slett gratis. Eg er glad for at eg har råd til å leve slik, at eg kan finansiere kritikken med ein annan, fleksibel jobb slik at vi får det til å gå i hop. Og så hjelp det jo at eg har gratis tenester på biblioteket, får gratis leseeksemplar og kan søke stipend frå staten, eg kimsar ikkje av det.

Eg var innom biblioteket idag, og dei som trur bibliotektenesta berre handlar om pengar kan aldri ha hatt lite pengar, aldri vore arbeidsledig og aldri vore einsam. Å ha ein offentleg stad å gå til, kor ein kan setje seg ned i varmen, lese avisa, låne ei bok, gå på internett og kanskje snakke med nokon, er gull verd enten ein jobbar heime, er pensjonist, er sjukemeldt eller arbeidsledig. Det er rett og slett førebyggjande arbeid og sosial utjamning. I tillegg låner eg hauger av bøker der som eg elles aldri ville ha fått lese. Biblioteket har også hjerna i handa, og er ein viktig ressurs for meg og alle andre som til tider opplever kritiske tilstander. Sjølv om nokre av oss ikkje alltid har viljen til å praktisere det biblioteket og andre autoritetar lærer oss er rett, som korrekt rettskriving.