fsl

Poesi og provinsialisme

Poesiarrangmenta ved Litteratursymposiet i Odda var interessante og underhaldande. Men den mest erfarne poeten i rommet sat blant publikum med ei heilt nyutgjeven bok i veska.

en avlagd
ort /var/ en
industrihall som står tom
som står stilla i en ström
av snabb tid ljusen
släcks
ljusen tänds
samtidigt:
upplöst/upplyst som
du gör dina circklar
runt detta utanför försöker dig

(Peter Mickwitz, 2012)

For snart to veker sidan var eg på Litteratursymposiet i Odda. Eg reiste for å møte andre deltakarar i Nordiska seminariet, ei gruppe av kritikarar og forfatterar frå dei nordiske landa som møtes til gjensidig inspirasjon og kulturutveksling (som er organisert under paraplyen til fsl: Fria seminariet i litterär kritik). Eg hadde ikkje oppdrag på festivalen, men fordi Nordiska seminariet-medlem Gro Jørstad Nilsen deltok på arrangørsida, var eg så heldig å få dekt mat og festivalpass. Eg hadde det veldig fint der, men har tenkt meg meir kritisk etterkvart når det gjeld éit aspekt ved festivalprogrammet.

Poetane Henning Bergsvåg, Erlend Nødtvedt og Tormod Haugland (sistnemde har òg skrive mykje prosa) var med på fleire arrangement i løpet av symposiet. Dei er alle gode forfatterar og veldig gode til å framføre sin eigen poesi. Å høyre opplesingane deira er inspirerande fordi dei klanglige og rytmiske elementa i poesien kjem så tydeleg fram – det vert nesten ein musikalsk oppleving, noko som også fint framhevar det humoristiske potensialet i tekstane. Eg fekk med meg to poesiopplesingar, men eg veit det var fleire.

På eit arrangement laurdag føremiddag las alle dei tre norske poetane – som også er del av same vennegjeng – eigne dikt og samtalte etterpå, saman med den for tida skandaleomsuste svenske poeten Johan Jønsson. (Klassehatdebatten i Sverige oppstod etter ei diktopplesing som skapte sterke reaksjonar. Det er ein bragd i seg sjølv for ein poet å setje dagsorden i samfunnsdebatten på den  måten!)

Johan Jönsson var ein spennande og aktuell festivaldeltakar som deltok på fleire arrangement. Klassehatdebatten skaper engasjement enno, og i tillegg kom den norske omsetjinga av den 600 sider lange diktasamlinga hans, Jfr. turnusplanen, ut medan symposiet gjekk føre seg. Jönsson har vore produktiv som poet sidan debuten i 1992. Eg har ikkje lese noko særleg av han, difor tok eg ikkje sjansen på å skrive i ingressen ovanfor at den beste og mest erfarne poeten sat i publikum. Men det er forsåvidt ikkje eit poeng her å lage ei rangert liste over poetane.

Av dei tre norske poetane var det kun Tormod Haugland som har utgitt bok i år, Straumen går. Henning Bergsvåg las dikt som har vore publisert i avis og tidsskrift i tida etter forrige – og hans fjerde – diktsamling Over elven Tweed (2010), medan Erlend Nødtvedt, som gav ut Bergens beskrivelse i fjor, valde å lese frå debutsamlinga Herudes frå 2008.

Ved sidan av meg i publikum sat altså den finlandssvenske poeten Peter Mickwitz. Han har blitt ein ven gjennom Nordiska seminariet, så det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at eg tek opp dette, men vurdér saka sjølv: Mickwitz debuterte som poet med diktsamlinga i ljuset i 1991, og har sidan utgjeve fleire diktsamlingar, essaysamlingar, diktantologiar og omsetjingar. Han har motteke fleire litterære prisar og har dei siste to tiåra – som både svensk- og finsktalande – vore ein sentral person i det litterære Finland. Og i haust er han aktuell med diktsamlinga som du gör dina circlar runt detta utanför.

Mickwitz var invitert av Gro Jørstad Nilsen til å delta i ein paneldebatt om forfattarskapen til Dag Solstad. Eg veit at Jørstad Nilsen prøvde å få det til slik at vi fekk høyre Mickwitz lese frå den nye diktsamlinga si når han først var boden til symposiet med reise og hotellutgifter dekte, men det let seg tydelegvis ikkje gjere. Eg er normalt ikkje ein forsvarar av aktualitetsprinsippet når det gjeld kva litteratur ein skal gi merksemd. Men kva grunnar kunne festivalleiinga ha til å – ved alle poesiarrangementa – prioritere Bergens-kameratane framfor den bokaktuelle og alt betalte festivaldeltakaren Mickwitz? Er det ikkje noko provinsielt ved ein slik demonstrativ mangel på interesse for aktuell nordisk poesi som ikkje blir pusha av eit norsk forlag?

Eg set stor pris på poetane frå Bergens-miljøet, og dette er ikkje meint til forkleinelse for nokon av dei. Men det kan illustrerer saka at Tormod Haugland ved eit høve fortalde meg at han hadde vore svært oppteken av poesien til Mickwitz tidleg på 90-talet, altså før Haugland sjølv hadde debutert. Han vart også svært interessert då han fekk høyre at Mickwitz var aktuell med ny bok.

Det som gjer meg flau på vegne av det litterære Norge, er at ein høgt respektert poet frå eit naboland blir invitert kun for å rose vårt eigen litterære helt, Dag Solstad, utan å få høve til å vise kven han sjølv er som forfattar. Medan dei populære og – i denne samanhengen – lokale, litterære kompisane blir fronta ved alle høve. Ein festival som vert arrangert omtrent i heimtraktene til den internasjonalt orienterte poeten Olav H. Hauge bør kunne opne opp perspektivet til å omfatte våre nærmaste naboland, spesielt når naboen troppar opp på dørstokken.

Utan dig tystnar världen och förlorar all mening

Eg blir ikkje ferdig med ordet «du», det har ei enormt sterk lading for meg. Du er så viktig, men kan òg vere så vanskeleg: Skjønar du kva eg meinar? Har eg skjøna deg riktig? Er du ulik meg på ein måte som gjer at vi snakkar forbi kvarandre? Er det noko du ventar av meg som eg ikkje gir deg? Seier eg for lite, eller er eg for ærleg? Det er spørsmål eg aldri kan leggje frå meg; dei er på sitt eige vis livsviktige.

Den finske poeten Peter Mickwitz, som eg har blitt kjend med gjennom Fria seminariet för litterär kritik (FSL), er også oppteken av det eksistensielt viktige og vanskelege i (den språklege) relasjonen mellom «eg» og «du». Han har fordjupa seg i filosofien til Emmanuel Levinas og Maurice Blanchot, noko som pregar tekstane i den lille, fine essaysamlinga Förlorat fra 2010. Gjennom tekstar om forfatterar som Franz Kafka, Clarice Lispector og Samuel Beckett reflekterer Mickwitz rundt skriving som eksistensielt prosjekt. Kanskje som ein «tribute» til Blancots fragmentestetikk, er det ovanfor dei løpande essaytekstane sett inn ulike tekstfragment, nokre henta frå ei poetikkordbok Mickwitz har sysla med, andre frå ei arbeidssdagbok. Det er mykje fint å seie om essaysamlinga, men her og no skal eg berre gjengi ein tekst som umiddelbart gav gjenklang i meg:

Du, till
Utan dig finns jag inte till, men hur kommer jag till med dig? Dialogiskt, i byte och förening? Eller asymmetriskt, i förlust och missförstånd, rentav i skilsmässa?

Om vi inte är två – vi – finns det inget språk, inget att säga, inget att förstå. Språk är meningslöst och omöjligt annat än i relation till någon annan. Samtidigt förvandlar du det jag säger och gör det til någonting helt annat, någonting som jag inte har någon kontroll över. Därför är vår relation asymmetrisk. Men eftersom du garanterar min existens – hela världens existens för mig – genom att du ger mig språket, genom att ge mitt språk en mening och riktning (till) finns jag inte till utan dig. Å andra sidan suddar du ut mig genom och med språket, som alltså inte existerar utan dig, det vill säga: samtidig som jag finns till tack vare dig; du gör det möjligt att tänka mig någon slags död, utan dig finns ingen död.

Mitt i «miget» finns et svart hål, tack vare dig, men också den omgivande, föränderliga och godtyckliga men ändå så verkliga substansen finns, tack vare dig.

Så, världen är inte beroende av mig utan av oss. Och för oss är du alltid den viktigaste, för du föregår: du ger mig språket, du ger språket en möjlighet. Utan dig är jag tyst, och utan dig tystnar världen och förlorar all mening.

(Gjengitt med tillatelse frå Förlorat. 4 essäer av Peter Mickwitz. Söderstrøms, 2010.)

Les bokmelding av Förlorat, skrive av Fredrik Hertzberg

Les forlagspresentasjonen av Peter Mickwitz

Jeg, en elsk, be-elsket av elskerske

For 10 euro, 55 svenske kroner og ein neve norsk myntar har eg blitt eigar av boka Tidens ingenkonge, Velimir Khlebnikovs dikt i utval, gjendikta til norsk av Mikael Nydahl og Gunnar Wærness.

Eg er nett heimkomen frå litteraturseminar i Stockholm, nærmare bestemt Nordiska seminariet og Forskarseminariet, begge i regi av Fria seminariet för litterær kritik (FSL). Det som er fint med FSL, er at folka der er glade i å danse, og at dei er idealistar heile gjengen. Etter ein lang kveld med diktopplesing og dans var eg glad og svett, og i ein pause las eg litt i denne diktsamlinga fordi ho låg lageleg til på eit bord. Eg slo rett opp på det merkelege diktet de finn nedanfor her, og vart fascinert og litt lattermild. Omsetjar og for høvet bokseljar Gunnar Wærness ville gi meg diktsamlinga gratis då eg sa at eg ikkje trudde eg hadde nok kontantar, men eg tømte lommeboka mi i handa hans og håpar det var så mange 20-kroningar der at prisen blei halvvegs anstendig, i alle fall.

Det er første gongen at dikt av den mest sentrale diktaren blant dei russiske futuristane er utgitt på norsk. Khlebnikov ville finne ein måte å rekne ut – bokstaveleg tala – kva som ville skje i framtida. Det vil nok ingen andre enn han sjølv påstå at han lukkast med, men vi kan vel seie at han skapte framtid i poesien. Han var med på å skape omgrepet zaum, «det transrasjonelle ordet», som Wærness og Nydahl har omsett til hinsinn.

I kveld har eg lese dikt for ungane, dei likar også å leike med språket, og er det noko Khlebnikov kan lære dei, må det vere at alt går an, at språket er like tøyeleg som fantasien vår, om den framleis har noko sprett i seg. Les og elsk:

Jeg, en elsk, be-elsket av elskerske,
har elsket til meg i elskheten, nedelsket meg,
de elskelige elsklendinger, de elskaktige elskbygdinger elsker jeg,
å gjenelske, med elskinner og elskører, elsker jeg,
elskens elskatt i elskheimen elsker jeg,
å overelske, å hinelske
å elskalere! å oppelske!
Å utilelske uelsken elsker jeg!

(Velimir Khlebnikov, 1907)