habilitet

Sterkast er den som står

Korleis ein vurderer normene om habilitet og objektivitet for kritikken handlar til sist om korleis ein definerer rolla som kritikar og kva ein vil kritikk skal vere; del av kunstfeltet eller eit akademisk tolkande blikk med vidare samfunnsperspektiv.

Eg har tenkt mykje på spørsmålet om habilitet det siste halvanna året. Det starta då eg fekk verv i Kritikerlagets litteraturseksjon og dermed deltok i debattar om temaet. Som det framgår av innlegget Makt utan profitt, hadde eg eit noko ureflektert ukomplisert syn på norma om habil og uavhengig kritikk, og eg tok det eigentleg for gitt at dette var noko alle var samde i. Dels kom nok det av at eg gjennom studietida hadde internalisert idealet om objektivitet i vitskapen, men ikkje i større grad enn at eg som kritikar medvite brukte ei personelg form for å synleggjere at skjønnsvurdering av litteratur er like mykje prega av subjektet som av fagleg baserte kvalitetskritierer. Dels såg eg det som mi oppgåve som AU-leiar å forsvare retningslinene i Kritikerplakaten, som altså i tre punkt understrekar at ein kritikar skal hegne om sin integritet og habilitet.

Ei anna og ikkje uvesentleg side av saka er at idealet om den personlege, men uavhengige kritikaran passa meg godt, og nærmast gjorde at eg kunne sjå mine eigne svakaste sider som dyder, slik det framgår av dette (idag litt pinlege) blogginnlegget, Kultur(e)liten.

Så kom leiarartikkelen ”Generasjonsstrid” i Vagant 4/2011 der Bernhard Ellefsen og Sigurd Tenningen heldt den ”inhabile, ikke-objektive og aktivistiske litteraturkritikken” fram som ideal. Eg syntes det var nærmast ubegripeleg at dei i fullt alvor kunne meine at kritikarar skulle legge habilitetsomsyn på hylla og danne sams front med forfattarar og kritikarar som var deira personlege vener og meiningsfeller. Sjølv om det kjem fram i svarinnlegga mine (ligg i kommentarfeltet under leiaren) at eg ikkje var spesielt reflektert når det gjeld eit litterært miljø som ressurs for kritikaren, framgår det også at for meg handlar habilitet i stor grad om pengar: Økonomi skaper meir enn noko anna bindingar som påverkar habiliteten, og kanskje viktigare: Korleis habiliteten blir vurdert av andre. (Jamfør den aktuelle debatten om Cappelen Damms ”litterære magasin” Tendens).

I og med denne debatten gjekk det opp for meg at miljøet rundt Vagant ikkje berre er fagleg sterkt, men også har eit anna syn på kva rolle kritikken skal spele i samfunnet. Det er sympatisk at BE og ST parkerer illusjonen om verdinøytrale normer for kvalitet, og også tillegg kunsten stor eksistensiell og samfunnsmessig vekt. Men tilnærminga deira kviler på eit grunnpremiss om idealisme og tillit til dei altruistiske intensjonane hos kritikaren som grunnlag for valg av alliansepartnerar – dei ser heilt vekk frå kva rolle personlege eigeninteresser kan spele for slike valg. Er det naivt? Kanskje, men det er også i konsekvens strategisk. I alle fall er det ”beleielig” at slike tette alliansar kan bli svært gunstige for dei aktuelle kritikarane og kunstnerane som støttar og promoterer kvarandre i eitt og alt. I samla front kan dei verte ein maktfaktor i kulturlivet og på sikt sikre eigne, individuelle posisjonar, truleg for resten av livet.

Det som kom fram på Kulturrådets årskonferanse i haust (referert i blogginnlegga ”Fagleg intuisjon og sjølvrefleksjon” og ”Fellesskap – den nye norma”) må eg seie gjorde meg betenkt fordi eg der fekk inntrykket av at sterke kollektiv er ein trend vi vil sjå stadig meir til, noko som sikkert er bra for framveksten av ny kunst og den generasjonsstriden BE og ST ønskar seg, men som gjer framtida endå meir usikker for individualistar som meg. Å jobbe som frittståande frilansar er økonomisk, sosialt og fagleg krevjande nok som det er, og eg ser for meg at det kan bli nesten umogeleg å halde det gåande om miljøet elles blir dominert av sterke, samla frontar. Ibsen-sitatet ”den sterkeste (…) er han som står mest alene” frå «En folkefiende» er både sant og usant: Sjølv om det skal styrke og mot til å stå aleine, er eg ikkje i tvil om kven som går av med sigeren i ein eventuell konflikt mellom ho som står aleine og dei som står saman.

Som tidlegare medlem i ei karismatisk frikyrkje, veit eg kor gode kjensler sterkt indre samhald kan skape, kor meininsfylt det kjennest å oppleve seg som utvalgt og del av ei gruppe som har skjøna og opplevd noko andre er uvitande om. Men eg veit også at det som er eit enormt positivt potensiale i tette, sosiale fellesskapar har tilsvarande farar, som konformitet og sanksjonar mot avvik, ukritisk idealisering av karismatiske leiarar med påfølgjande klima for maktmisbruk, utvikling av stammespråk og manglande kommunikasjon med og lojalitet til resten av samfunnet. Sjølv kjem eg nok aldri til å stole fullt og fast på ein sterk leiarfigur eller éit miljø igjen, noko som kjennest godt, men også litt trist. Det betyr ikkje at eg er upåverkeleg i møte med andre, på ingen måte, men det å vere open for impulsar frå fleire hald og å kunne gjere sjølvstendige vurderingar har blitt viktige verdiar for meg.

På bakgrunn av desse ambivalente kjenslene for gruppedynamikk er det nesten skremmande å høyre ein autoritet som Carolyn Christov-Bakargiev seie at «commitment (…) assumes the place of quality». Eg trur forsåvidt ikkje det er nokon overhengande fare for at norske kunst- og kritikarmiljø skal utvikle seg i retning av religiøs frikyrkje. Eg skjønar at dette handlar om å fristille seg frå tradisjonelle og konserverande estetiske normer for å kunne røre kunsten, og kanskje også samfunnet, framover. Eg ser også at tett samhald i idealistiske grupper som er dedikerte til kunst med aktivistiske sider kan vere svært verdifulle som motvekt mot dei kommersielle føringane og dei konserverande estetiske normene som ofte følgjer desse i forlagsredaksjonane. Men vektleggjinga av gruppeinterne verdiar i staden for strebing mot ålmenne prinsipp står likevel for meg som noko potensielt farleg.

Om affekt er like gyldig grunn for vurdering av kunsterisk verdi som rasjonelle argument, kan i teorien kjærleiken til eit menneske endre vurderinga. Kanskje er det bra. Kanskje skjønar ein meir av eit kunstverk om ein verkeleg ønskar at det skal vere godt og verdifullt enn om ein går til verket med ein grunnleggjande skepsis kunstnaren må overvinne? Men det er, og må vere, forskjellar i korleis ein vurderer dette i reine kunstnargrupper og i heterogene kritikar-/akademikar-/kunstnarmiljø.

For kritikken oppstår problemet i møtet med dei som ikkje er del av gruppefellesskapen fordi ein treng tillit («public trust»)for å kommunisere med og påverke samfunnet. Om eit kritikarmiljø vil oppnå dei same gevinstane av fellesskapen eksternt som internt, må dei få utanforståande til å bli glad i dei og gi dei tillit. Men vil utanforståande bli glad i og ha tillit til nokon som ikkje gir det samme tilbake, eller i det minste ei forsikring om at alle i prinsippet har lik sjanse til å få den same, positive mottakinga som gruppemedlemmane? Grupper som har eit sterkt indre samhald verkar skremmande på dei som står utanfor gruppa, for det ligg i korta at den indre fellesskapen får dei til å støtte kvarandre på bekostning av oss som er utanforståande. Dermed kan deira indre samhold koste i tap av «public trust» og evne til kommunikasjon med utanforståande.

Internt i eit kunstnarmiljø kan ein aktivistisk kritikk ha mykje å seie. I denne forståinga av kritikk trur eg det er ein premiss at ein ser kritikken som del av kunsten; at kritikaren er med på å skape kunstverket både ved å vere i direkte dialog med kunstnaren og gjennom å prege verknadshistoria til kunsten gjennom resepsjonen. Ei slik kritikarrolle kan i tillegg til vanleg bokmeldar- og skribentverksemd bli fylt gjennom virke som redaktør eller kurator, til dømes slik Audun Lindholm arbeider. Vi ser at han og andre i Vagant-miljøet har stor autoritet i kulturlivet, om enn større internt i kritikarmiljøet enn i samfunnsdebatten generelt. Men det eg har prøvd å tenke vidare på i denne teksten er korleis situasjonen vil bli om BE og ST får det dei ønskar seg; eit kulturliv prega av frontar som kjempar for ulike kunstsyn. Eg trur altså at kommunikasjonen med det ålmenne publikummet ville bli svekka.

Eg meinar at ein kritikar som vel ei inhabil og aktivistisk kritikarrolle ikkje både kan gå i allianse med spesifikke kunstnarlege retningar og ha ein intensjon om å uttale seg med autoritet om konkurrerande kunst-/kritikkmiljø, eller i det heile tatt gå inn i ei akademisk rolle der ein kan uttale seg om kunstfeltet på eit meir overgripande nivå, samanlikne kunstnarlege retningar og trekkje dei lange linene frå historia og inn i notidige trendar. Det vil seie – ein kan sjølvsagt gjere det, og både kunstnerar og kritikarar med ei aktivistisk tilnærming vil i mange tilfeller ha kunnskap til å uttale seg som ekspertar, men dei kan få problem med å oppnå tillit til at ikkje alt dei seier er farga av særinteresser, på same måte som til dømes forleggjarar.

Ein akademisk orientert kritikar, som til dømes Erik Bjerck Hagen eller Kaja Schjerven Mollerin, kan sjølvsagt velge å fordjupe seg fagleg i sine personlege favorittar i kunsten, og profesjonsstrid er heller ikkje ukjent på campus. Men sjølv om humaniora verken kan leve opp til reine, positivistiske vitskapsideal, eller bør ha naturvitskapleg objektivitet som føredøme, er det sjølvsagt at ein legg vinn på å unngå mistanke om dogmatisme og nepotisme. Merksemd av den typen kjønnsforskinga fekk i Hjernevask-debatten har vist seg øydeleggjande for ”public trust”, og viser at omsyn til perspepsjonen av objektivitet og uavhengigheit i fagleg basert verksemd framleis er viktig.

Dei fleste av kritikarane er verken akademikarar eller i tett dialog med kunstmiljøa. Eller, eg veit ikkje – eg er i alle fall ikkje det. Likevel opplever eg det som naudsynt å tenke gjennom kva slags kritikar eg vil vere. Kva slags ideal skal eg strekkje meg mot? Skal eg gå i retning akademia eller kunsten? Skal eg prøve å bli vener med dei ”rette” folka, og vil det i det heile vere oppnåeleg? Eller skal eg halde fram med mitt på eiga hand, og håpe på at eg slik både kan bidra med noko verdifullt i resepsjonen og sjølv oppleve det som meiningsfullt? Eg veit ærleg talt ikkje. Det er det eg prøvar å finne ut.

Kritikarmakt utan profitt

Forlagsmann Anders Heger har vekt merksemd med sitt personåtak på litteraturkritikar Cathrine Krøger etter at ho uttala seg kritisk om Cappelen Damms utgjevingar i kategorien ”chic lit”. Han går tydeleg inn for å undergrave hennar faglege autoritet. Sams for dei to er at dei er raske til å uttale seg og store i kjeften, men der Heger har kommersielle interesser å forsvare, får Krøger same løna om ho rosar eller risar. Ho er ein maktfaktor i norsk bokbransje, og tydelegvis eit hår i suppa for somme.

For ikkje lenge sidan var Krøger i konflikt med Juritzen forlag, som hadde trekt eit sitat ut frå samanhengen i bokmeldinga hennar, og brukt det til å marknadsføre ei bok Krøger var negativ til. Forleggjar Arve Juritzen nekta for å ha gjort noko kritikkverdig. Verken Juritzen eller Heger ser ut til å vere redde for at det vil straffe seg å yppe til konflikt med den profilerte kritikaren Krøger, at ho kunne tenkjast å boikotte bøkene deira eller bli freista til å la sinnet påverke vurderinga av andre utgjevingar. Er det fordi dei undervurderar makta hennar, eller har dei faktisk stor tillit til hennar faglege integritet?

Norsk kritikerlag legg stor vekt på å verne habiliteten vår av faglege omsyn. Medlemmane i laget skal unngå både økonomiske, sosiale og emosjonelle koplingar til aktørar som blir påverka av korleis vi utøver kritikargjerninga. Slike bindingar er det vanskeleg for andre enn kritikaren sjølv å ha full oversikt over, men mitt inntrykk er at norske kritikarar tar habilitetsspørsmål på alvor. Det har hatt effekt. Kritikarprisane har høg presisje, og Kritikerlaget er ein etterspurt samarbeidspartnar fordi vi blir sett som garantist for fagleg integritet. Eit slikt rennomé vil ein kommersiell aktør vanskeleg kunne bygge opp sjølv med store marknadsføringsbudsjett, men Kritikerlaget har ingen slike budsjett: Vårt gode rykte er bygd av kvar einskild medlem som gjer godt arbeid og vernar om sin habilitet, og medlemmane tek kostnaden ved å arbeide mykje for dårleg lønn.

Vi sit i praksis på ein merkevare vi ikkje kan utnytte kommersielt utan å undergrave habiliteten som alt kviler på. Meirverdien av innsatsen nyt andre godt av: Avisene får billig og populært avisstoff og forlaga gratis marknadsføring. Norske kritikarar sponsar difor norsk kulturliv både med fagkunnskap og reine pengar. Vi er sjølvsagt ikkje heva over kritikk av den grunn; at kritikk er skjerpande og naudsynt er vel få andre like overtydde om som oss. Men neste gong Anders Heger reagerer på utspel frå ein kritikar, oppmodar eg han til å diskutere sak, ikkje person.

Merete Røsvik Granlund, Leiar av arbeidsutvalet i Norsk kritikerlags litteraturseksjon og bokmeldar i Dag og Tid.

Tidlegare publisert i Dagbladet 21. mai 2011. Ein lengre versjon er publisert på nettsida til Norsk kritikerlag.