Kate Pickett

Det som brenn

Når forstadar står i brann fordi ungdom ikkje ser noko håp for framtida, då er det på tide å leite etter korleis det eg driv med kan påverke samfunnet i den retninga eg vil at det skal røre seg: Mot mindre forbruk og større solidaritet.

I dag har eg så mykje på hjartet at eg knapt veit kor eg skal byrje. Skal eg byrje med dagens første lesaroppleving, med Bernhard Ellefsens bokmelding av Kristian Lundbergs to siste bøker? Eller med inntrykk frå Kritikerseminaret 2013, kor eg var førre helg? Med Magne Tørrings etterord til boka eg skal melde, Pupper og egg av Mieko Kawakami? Med debattboka Blåkopi av Wegard Harsvik, som nyleg gjorde eit sterkt inntrykk på meg? Eller med den viktigaste boka som har kome ut på 2000-talet, Ulikhetens pris av Richard Wilkinson og Kate Pickett? For alt dette heng saman, og det heng saman med det meste som står i avisene for tida også.

Eg byrjar bakerst, med Ulikhetens pris: Boka, som kom ut i Storbritannia i 2009 og på norsk i 2011, gir eit samla bilete av forskning som er gjort dei siste 30 åra på samanhengen mellom økonomisk ulikskap og diverse sosiale problem i verdas rike land. Kort sagt er bodskapen at “nesten alt – fra forventet levealder til mental helse, fra vold til fedme – påvirkes av et samfunns økonomiske likhetsgrad, ikke dets rikdom” (sitat frå baksideteksten.) Årsaka er at det psykiske stresset som stammar frå opplevinga av å ha låg sosial status, påverkar menneske negativt på mange måtar, slik at dei synlege sosiale problema vert å rekne som symptom på eit sams, underliggjande problem snarare enn separate fenomen.

Dette er innsikt som burde endre grunnleggjande alt vi tenkjer om politikk og problemløysing i samfunnet, for det vert tydeleg at mykje av det vi driv med i dag er berre er symptombehandling. Eg siterer frå boka:

«De helse- og sosialproblemene vi har funnet er relatert til ulikhet, har en tendens til å bli oppfattet av politikere som separate områder som krever helt ulike ytelser og hjelpetiltak (…) Disse tjenestene er kostbare, og ingen av dem er mer enn delvis effektive. For eksempel har kvalitetsforskjeller i helsevesenet mindre effekt på folks forventede levealder enn de sosiale ulikhetene når det gjelder risikoen for å få livstruende sykdom. Og selv når disse tjenestene klarer å stoppe nye forbrytelser, kurere kreft, avvenne rusmisbrukere eller rette opp utdanningsproblemer, vet vi at samfunnene våre i det uendelige gjenskaper disse problemene for hver ny generasjon. På samme tid er disse problemene mest utbredt i de fattigste delene av samfunnet, og opptrer i det mangedobbelte i samfunn der ulikheten er størst. (Wilkinson og Pickett, Res Publica 2011, s. 52, mi utheving.)

Boka tar vidare for seg ulike sosiale problem, og viser forskning som styrkjer dei same funna: Det å oppleve seg som sosialt mindreverdig går så sterkt utover sjølvbiletet og den psykiske helsa at det kan få oss til å oppføre oss både sjølvdestruktivt og destruktivt i møte med andre.

I Ulikhetens pris blir Sverige og Japan framheva som dei to landa i verda med størst grad av økonomisk likskap og færrast sosiale problem. Men boka kom ut i 2009, og var basert på tidlegare forskning. Om ein kunne måle dei same effektene idag, ville resultata nok sett betydeleg verre ut for begge desse landa. Boka Blåkopi av Wegard Harsvik (Res Publica 2013) viser korleis ulikskapen har auka i Sverige dei siste seks åra under den borgarlege regjeringa; korleis arbeidsløysa blant unge har eksplodert, skuleresultata blitt dårlegare og standarden på sjukeheimane har gått ned fordi private aktørar heller vil ta ut utbytte enn å prioritere god og kvalifisert bemanning.

I etterordet til den aktuelle japanske romanen Pupper og egg skriv Magne Tørring:

«Japan har gjennom store deler av etterkrigstiden vært regnet som et egalitært samfunn, hvor ressursene var relativt jevnt fordelt i befolkningen. Arbeidsledigheten har vært lav, og levestandarden høy. Da den økonomiske boblen sprakk på begynnelsen av 1990-tallet, begynte imidlertid situasjonen å forandre seg. Næringslivet gikk gjennom en kraftig omstrukturering, og det engelske begrepet restructuring, på japansk forkortet til risutora, utviklet seg fra å være dominert av én stor middelklasse, til å bli et forskjellssamfunn.» (Bokvennen forlag 2013, s. 134)

Det anar meg at det som skjedde i Japan kan samanliknast med det som har skjedd i USA og Europa: Økonomisk spekulasjon og uansvarleg utlånspolitikk har skapt økonomisk krise, og den påfølgjande nedskjeringa i offentlege budsjett skaper arbeidsløyse og aukande sosiale problem i ein stadig nedgåande spiral.

Med alt dette i bakhovudet vart eg glad og oppløfta av å høyre på føredraget den svenske omsetjaren, litteraturkritikaren og kulturredaktøren John Swedenmark heldt på Kritikerseminaret på Lillehammer 30. mai. Han driv litteraturkritikk med eit ønske om folkeopplysning og ideologikritikk, og har ein tydeleg politisk ståstad hos fagrørsla (som har blitt sterkt svekt i Sverige under den borgarlege regjeringa fordi skattefrådraget for medlemskontingenten har blitt fjerna, ref. Blåkopi.) Swedenmarks føredrag kan du lese her.

Det som imidlertid vart påfallande i løpet av kritikerseminaret, var at dei norske deltakarane verken såg ut til å dele Swedenmarks prosjekt eller til å heilt sjå relevansen av det. Og da var Klassekampen representert i debatten med tre profilerte kritikarar: Espen Stueland snakka om økologisk litteratur og at kritikken også må vere oppteken av sak, ikkje berre estetiske vurderingar. Han sa elles at motivasjonen hans for å gå over til Klassekampen hadde vore sjansen til å skrive meir om poesi (indirekte oppfatta eg dette som at det politiske aspektet ikkje hadde vore viktig). Kaja Schjerven Mollerin var mest oppteken av det personlege og eksistensielle i litteraturkritikken; at kritikaren skal vere tydeleg på kven ho er, og samstundes open for prosjektet til dei ulike forfattarane ho skriv om. Tom Egil Hverven, hovudmeldaren i Klassekampen, meinte at omgrep som nyliberalisme, høgre og venstre er politisk språk på tomgang fordi den raudgrøne regjeringa ikkje leverer betre klima- og miliøvern enn ein kunne vente av ei borgarleg regjering. Han gjorde eit poeng av at Klassekampen under Bjørgulv Braanen hadde «utvida sitt virkeområde», noko som var årsaka til at Hverven byrja å skrive der. (Alt dette er referert på nettsida til Kritikerlaget.)

Med andre ord – ingen openberre teikn på at litteraturkritikarane i Klassekampen har tenkt å klatre opp på barrikadene for fagrørsla med det første.

Den einaste som i løpet av seminaret indirekte nærma seg noko som kunne likne Swedenmarks prosjekt, var Audun Lindholm i føredraget om Vagant. Der sa han følgjande:

«Vi ønsker å være et barometer på et samfunn i forandring, samtidig som vi undres over hvorfor norsk samtidslitteratur ikke oftere går inn i vår tids utfordringer. Der det er idékamp bør det også være strid i litteraturkritikken – hvis ikke spiller litteraturen seg ut på sidelinja. Her er vi stolte av å plassere oss i tradisjonen fra Georg Brandes.» (Les samandrag av førdraget her)

Men dette kom ikkje opp under debatten, og eg veit difor ikkje om Lindholm meinar at han og Vagant er klare til å gå inn i samfunnsdebatten med ein like tydeleg ståstad som Swedenmark. (Hadde eg ikkje hatt det så travelt med å referere debatten, kunne og burde eg ha tatt opp spørsmålet og bidratt med mitt perspektiv, men det er ikkje alltid eg klarer å tenkje fort nok i situasjonen; det kan ta tid å fordøye det andre seier og formulere det ein sjølv meinar. Så eg skriv dette i staden.)

Difor vart eg glad då eg slo opp i Morgenbladet i dag tidleg og las Bernhard Ellefsens melding «Alfabet for underklassen», kor han skriv om Kristian Lundbergs roman En hemstad og den utgitte brevvekslinga mellom Lundberg og Crister Enander, Hat & Bläck. Dette er høgaktuelle bøker som går rett inn i den politiske situasjonen. Ellefsen formidlar korleis Lundbergs bøker er relevante, og korleis litteraturen kan ha ein politisk funksjon. Det er godt tenkt og nydeleg skrive:

«Med det litterære språket kan forfatteren hevde retten til sin egen lidelse og til å reise seg. Som hos Aristotiles, hvor menneskene blir politiske idet de former lydene i halsen til ord på agoraen, gjør Lundbergs usynlige mennesker ordene til sine egne, lar dem betegne og bestemme seg selv.» (Morgenbladet 7. juni)

Eg veit ikkje heilt korleis eg skal gjere det enno, men dette er det eg vil, både med litteraturkritikken og elles: Når eg har oppdaga noko viktig om korleis menneska, samfunnet og verda fungerar, så vil eg jobbe for at den kunnskapen skal kome ut og påverke realitetane.

Når det er slik at økonomisk likskap er grunnleggjande for den generelle velferden i eit samfunn, så påverkar det alt eg tenkjer om politikk. Individuell fridom er viktig; ja. Innovasjon og entreprenørskap er viktig; ja. God næringspolitikk er viktig; ja. Men når ei rekkje forskningsprosjekt viser at skattelette til dei rike ikkje skaper fleire arbeidsplassar (ifølgje Blåkopi), då er det på tide å slutte å argumentere for skattelette. Når økonomisk ulikskap skaper meir fysisk og psykisk sjukdom, er det ikkje ein god idé å straffe arbeidsledige og uføretrygda med å gi dei mindre trygd og høgare skatt (slik den borgarlege regjeringa i Sverige har gjort; «det skal løne seg å arbeide»). Når sosial dumping i arbeidslivet blir stadig vanlegare, er det sannsynlegvis ikkje ein god idé å slakke på krava i lovene som regulerer arbeidslivet (også kalla «ein meir fleksibel arbeidsmarknad»).

Om ein ønskjer lønsmoderasjon frå vanlege arbeidstakarar, er det ein svært dårleg idé at toppleiarane aukar lønnsgapet med å gi kvarandre høgare honorar og betre pensjonsavtalar. Når vi går mot ei klimakrise, er det på tide å stoppe oljeboringa og skru ned forbruket – kraftig! Dette er så sjølvinnlysande at ein må ha særinteresser som er sterkare enn forstanden for å ikkje skjøne det. Det skremmande er at særinteressene faktisk er så sterke.

Så når forstaden Husby i Stockholm står i brann fordi ungdommen der ikkje ser noko håp for framtida, då er det på tide å leite etter korleis det eg driv med – om det er litteratur og litteraturkritikk eller noko heilt anna – kan påverke samfunnet slik at det kan gi så mange som mogeleg håp. Håp om at det finst ein fellesskap og ei framtid der det er plass også til dei.

Tilrår å lese Frode Helmich Pedersens artikkel «Humaniora som merkevare»: «I stedet for å argumentere for at også HF-fagene bidrar til å smøre samfunnsmaskineriet, bør humanistene insistere på sitt motstandspotensial.»

Les meir om Ulikhetens pris og kva bodskapen i boka kan ha å seie om framvekst av ekstremisme i blogginnlegget Fordelen med krig.

Fordelen med krig

Å jobbe mot eit samfunn prega av likeverd er det einaste som kan hindre utvikling av valdeleg ekstremisme.

Medan debatten går mellom Christian Tybring-Gjedde, kulturminister Hadia Tajik, Jon Hustad, Sveinung Rotevatn,  Arshad M. Ali og mange andre om den påståtte framandkulturelle trugselen mot norsk identitet, les eg boka Ulikhetens pris. Hvorfor likere fordeling er bedre for alle av Richard Wilkinson og Kate Pickett. Den originale tittelen var The Spirit Level. Why Equality is Better for Everyone. Idiomet «spirit level» betyr rett og slett «vater» og spelar på omgrepet «public spirit», altså det å vere orientert mot samfunnsfellesskapen, samt på dei mange grafane som illustrerer statistikken i teksten.

Boka, som kom ut i Storbritannia i 2009, gir eit samla bilete av forskning som er gjort dei siste 30 åra på samanhengen mellom økonomiske ulikskapar og diverse sosiale problem i verdas rike land. Kort sagt er bodskapen i boka at «nesten alt – fra forventet levealder til mental helse, fra vold til fedme – påvirkes av et samfunns økonomiske likhetsgrad, ikke dets rikdom» (sitat frå baksideteksten.) Årsaka er at det psykiske stresset som stammar frå opplevinga av å ha låg sosial status påverkar menneske negativt på mange måtar, slik at til dømes mental sjukdom, kriminell åtferd og dårleg kosthald vert å rekne som symptom snarare enn årsaker i seg sjølv til sosiale problem.

Konklusjonane er vanskelege å argumentere mot sjølv for dei mest ihuga tilhengjarane av markedsliberalisme fordi dei er basert på statistikk  frå kjelder som FN, WHO, Verdensbanken, OECD og forskning publisert i seriøse vitskapelege tidsskrift innan felt som medisin, psykiatri og samfunnsforskning. Forfattarane forska i utgangspunktet på epidemiologi (def. fra Wikipedia: «læren om befolkningshelse, sykdommers forløp, årsak og konsekvens, utbredelse og demografi») og ville kartlegge årsakane til store forskjellar i levealder mellom ulike sosiale lag. I staden oppdaga dei eit mønster dei ikkje kunne oversjå; at ikkje berre forventa levalder, men også ei rekkje andre sosiale problem, som rusmisbruk, graviditet blant tenåringar og kriminalitet også såg ut til å henge saman med graden av økonomisk ulikskap.

Eit av det mest tankjevekkjande faktum eg har lese om så langt i boka, er at livet for mange faktisk var betre under 1. og 2. verdskrig enn i tida før og etter, i alle fall er det dokumentert i Storbritannia: «Under verdenskrigene økte den forventede levealderen med 6 og 7 år for henholdsvis menn og kvinner, mens økningen før og etter krigene bare var 1 og 4 år» (s. 111). Og dette altså trass i alle som vart drepne i ung alder i løpet av dei to verdskrigane. Årsakane skal vere full sysselsetjing og sterkt reduserte inntektsforskjellar, det siste som resultat av ein medviten politikk frå myndigheitene for å skape samarbeidsvilje i folket. Den relative fattigdomen vart halvert. «Følelsen av fellesskap og sosial samhørighet resulterte ikke bare i bedre helse – kriminaliteten gikk også ned» (ibid).

Det er jo kjent at krig mot ein ytre fiende skaper samhald internt i ei gruppe. Når ein held denne kunnskapen saman med kunnskapen om at ein trussel mot det sosiale sjølvbildet kan få mange til å opptre både meir valdeleg (jamfør statistikk i boka om kriminalitet) og sjølvdestruktivt (jamfør statistikk om kriminalitet, dårleg kosthald og rusmisbruk) set det den auka politiske valden og ekstremismen vi ser i Europa i dag i eit spesielt lys.

Når til dømes islamistfiendtlige rørsler og terroristen Behring Breivik oppfordrar til «krig» mot framandkulturelle og dei som fremjer mulitikulturalisme, er det nærliggjande å tenkje seg at dei er tiltrekte av eit krigsscenario fordi dei opplever sin eigen sosiale status som dårleg, og medvite eller umedvite ønskar seg ein situasjon der ein ytre fiende gjer dei sjølv til viktige personar i ei gruppe med sterkt indre samhald. Det verste er at for mange menneske vil ein slik kampsituasjon faktisk forbetre livet – jamfør det Wilkinson og Pickett skriv om levekåra i Storbritannia under krigen. Men vi veit jo at ei gjennomsnittleg forbetring for mange i løpet av ein krig kostar i form av liding og død for utsette grupper.

Men om psykisk stress som følgje av låg sosial status og låg sjølvkjensle er grobotnen for både valdelege høgreekstreme og valdelege islamistar, og kanskje også framandfrykt meir generelt, er det lite truleg at sakleg argumentasjon – og endå mindre latterleggjering – er det som skal til for å bekjempe farlege politiske haldingar. Om Wilkinson og Pickett har rett, er eit samfunn prega av likeverd mellom menneska det einaste som kan motverke sosial uro. Og i ei pragmatisk verd er slikt likeverd til sjuande og sist tufta på ei mest mogeleg lik fordeling av kapital – økonomisk, kulturell og sosial kapital.

Monokultur er ikkje svaret på samfunnsproblema i eit Europa i økonomisk ubalanse, og er heller ikkje eit realistisk alternativ i verda i dag. Eit inkluderande samfunn der god sjølvkjensle er oppnåeleg for alle ser ut til å vere det som må til. Jobben med å finne den realpolitiske vegen dit er diverre mykje meir krevjande enn sporadiske verbale angrep på meiningsmotstandarar. Sjølvsagt kan vi ikkje la ekstreme ytringar basert på grove forenklingar av verda stå uimotsagte, men å møte andre med forakt og latterleggjering kan såvidt eg skjønar berre gjere vondt verre.

Kjelde og sterkt anbefalt lesestoff: Ulikhetens pris. Hvorfor likere fordeling er bedre for alle. (Res Publika, 2012)

Eller les meir om dette på nettsida Equality Trust som forfattarane Wilkinson og Pickett har oppretta.

Tilrår også å lese Frode Helmich Pedersens gode artikkel «Fordi du fortjener det» om Ulikhetens pris og om at aksepten av aukande ulikskap er misforstått liberalisme. Sitat: «De økende forskjellene mellom fattig og rik er dårlig nytt for alle, også de rike. Det er på tide at selverklærte liberalister forstår at frihet ikke har noe med retten til å tjene seg styrtrik å gjøre.»