kjærleik

Kjærleik og raseri

Om du elskar ungane dine, er det på tide å bli rasande på deira vegne.

Filosof Arne Johan Vetlesen har skrive ein svært god kronikk om kva vi som er foreldre skal seie til borna våre om framtida når vi fryktar at samfunnet går mot ei miljøkatastrofe. Er det viktigaste å gi dei håp for framtida, eller bør vi førebu dei på å møte dei mørke realitetane? Og ikkje minst: Korleis kan vi bidra til å forhindre eller minimere klimaendringane, og slik gjere framtida lysare?

Vetlesen skildrar også noko eg kjenner meg igjen i: Kor einsamt det kjennest å vere redd for framtida når det kan verke som ingen andre er opptekne av dette, og ingen er interessert i å endre livsstil for å hindre katastrofen. Å bli stempla som moralist dersom ein uttalar seg om forbruk, flyreiser og miljøøydeleggingar. Men kva lærer vi borna våre om vi går rundt og fryktar framtida samtidig som vi sensurerer oss sjølve av frykt for kva andre skal tenke om oss?

Sjølvsagt er det viktig å formidle håp og handlekraft til neste generasjon, ikkje resignasjon og avmakt. Men Vetlesen set fingeren på noko viktig: I møte med ei kommande katastrofe kan positiv tenking vere det farlegaste av alt dersom det hindrar oss i å handle.  Sitat:

Det vi trenger å gi våre barn, er ikke først og fremst håp. Håp er vakkert, idealistisk, moralsk uklanderlig. Men det er neppe den beste analysen å hevde at å spre håp, i form av positivt svar på spørsmålet om det vil gå bra, er det viktigste vi voksne i dag kan gjøre. Å holde på håpet kan tvert imot vise seg å utsette nødvendig handling.

Så kva er ein passande respons i den situasjonen vi er i idag? Kjærleik og raseri, er Vetlesens svar. Og eg veit han har rett: Det er så altfor lett å sige inn i depresjonen, men det hjelper ingen. Eg elskar ungane mine, så no gjeld det å finne fram til det konstruktive raseriet; for framtida deira.

Eg brukar vanlegvis ikkje bloggen til å vidareformidle andre artiklar, men denne kronikken synes eg er så viktig at eg gjer eit unntak:

Les kronikken i Aftenposten!

Sterkast er den som står

Korleis ein vurderer normene om habilitet og objektivitet for kritikken handlar til sist om korleis ein definerer rolla som kritikar og kva ein vil kritikk skal vere; del av kunstfeltet eller eit akademisk tolkande blikk med vidare samfunnsperspektiv.

Eg har tenkt mykje på spørsmålet om habilitet det siste halvanna året. Det starta då eg fekk verv i Kritikerlagets litteraturseksjon og dermed deltok i debattar om temaet. Som det framgår av innlegget Makt utan profitt, hadde eg eit noko ureflektert ukomplisert syn på norma om habil og uavhengig kritikk, og eg tok det eigentleg for gitt at dette var noko alle var samde i. Dels kom nok det av at eg gjennom studietida hadde internalisert idealet om objektivitet i vitskapen, men ikkje i større grad enn at eg som kritikar medvite brukte ei personelg form for å synleggjere at skjønnsvurdering av litteratur er like mykje prega av subjektet som av fagleg baserte kvalitetskritierer. Dels såg eg det som mi oppgåve som AU-leiar å forsvare retningslinene i Kritikerplakaten, som altså i tre punkt understrekar at ein kritikar skal hegne om sin integritet og habilitet.

Ei anna og ikkje uvesentleg side av saka er at idealet om den personlege, men uavhengige kritikaran passa meg godt, og nærmast gjorde at eg kunne sjå mine eigne svakaste sider som dyder, slik det framgår av dette (idag litt pinlege) blogginnlegget, Kultur(e)liten.

Så kom leiarartikkelen ”Generasjonsstrid” i Vagant 4/2011 der Bernhard Ellefsen og Sigurd Tenningen heldt den ”inhabile, ikke-objektive og aktivistiske litteraturkritikken” fram som ideal. Eg syntes det var nærmast ubegripeleg at dei i fullt alvor kunne meine at kritikarar skulle legge habilitetsomsyn på hylla og danne sams front med forfattarar og kritikarar som var deira personlege vener og meiningsfeller. Sjølv om det kjem fram i svarinnlegga mine (ligg i kommentarfeltet under leiaren) at eg ikkje var spesielt reflektert når det gjeld eit litterært miljø som ressurs for kritikaren, framgår det også at for meg handlar habilitet i stor grad om pengar: Økonomi skaper meir enn noko anna bindingar som påverkar habiliteten, og kanskje viktigare: Korleis habiliteten blir vurdert av andre. (Jamfør den aktuelle debatten om Cappelen Damms ”litterære magasin” Tendens).

I og med denne debatten gjekk det opp for meg at miljøet rundt Vagant ikkje berre er fagleg sterkt, men også har eit anna syn på kva rolle kritikken skal spele i samfunnet. Det er sympatisk at BE og ST parkerer illusjonen om verdinøytrale normer for kvalitet, og også tillegg kunsten stor eksistensiell og samfunnsmessig vekt. Men tilnærminga deira kviler på eit grunnpremiss om idealisme og tillit til dei altruistiske intensjonane hos kritikaren som grunnlag for valg av alliansepartnerar – dei ser heilt vekk frå kva rolle personlege eigeninteresser kan spele for slike valg. Er det naivt? Kanskje, men det er også i konsekvens strategisk. I alle fall er det ”beleielig” at slike tette alliansar kan bli svært gunstige for dei aktuelle kritikarane og kunstnerane som støttar og promoterer kvarandre i eitt og alt. I samla front kan dei verte ein maktfaktor i kulturlivet og på sikt sikre eigne, individuelle posisjonar, truleg for resten av livet.

Det som kom fram på Kulturrådets årskonferanse i haust (referert i blogginnlegga ”Fagleg intuisjon og sjølvrefleksjon” og ”Fellesskap – den nye norma”) må eg seie gjorde meg betenkt fordi eg der fekk inntrykket av at sterke kollektiv er ein trend vi vil sjå stadig meir til, noko som sikkert er bra for framveksten av ny kunst og den generasjonsstriden BE og ST ønskar seg, men som gjer framtida endå meir usikker for individualistar som meg. Å jobbe som frittståande frilansar er økonomisk, sosialt og fagleg krevjande nok som det er, og eg ser for meg at det kan bli nesten umogeleg å halde det gåande om miljøet elles blir dominert av sterke, samla frontar. Ibsen-sitatet ”den sterkeste (…) er han som står mest alene” frå «En folkefiende» er både sant og usant: Sjølv om det skal styrke og mot til å stå aleine, er eg ikkje i tvil om kven som går av med sigeren i ein eventuell konflikt mellom ho som står aleine og dei som står saman.

Som tidlegare medlem i ei karismatisk frikyrkje, veit eg kor gode kjensler sterkt indre samhald kan skape, kor meininsfylt det kjennest å oppleve seg som utvalgt og del av ei gruppe som har skjøna og opplevd noko andre er uvitande om. Men eg veit også at det som er eit enormt positivt potensiale i tette, sosiale fellesskapar har tilsvarande farar, som konformitet og sanksjonar mot avvik, ukritisk idealisering av karismatiske leiarar med påfølgjande klima for maktmisbruk, utvikling av stammespråk og manglande kommunikasjon med og lojalitet til resten av samfunnet. Sjølv kjem eg nok aldri til å stole fullt og fast på ein sterk leiarfigur eller éit miljø igjen, noko som kjennest godt, men også litt trist. Det betyr ikkje at eg er upåverkeleg i møte med andre, på ingen måte, men det å vere open for impulsar frå fleire hald og å kunne gjere sjølvstendige vurderingar har blitt viktige verdiar for meg.

På bakgrunn av desse ambivalente kjenslene for gruppedynamikk er det nesten skremmande å høyre ein autoritet som Carolyn Christov-Bakargiev seie at «commitment (…) assumes the place of quality». Eg trur forsåvidt ikkje det er nokon overhengande fare for at norske kunst- og kritikarmiljø skal utvikle seg i retning av religiøs frikyrkje. Eg skjønar at dette handlar om å fristille seg frå tradisjonelle og konserverande estetiske normer for å kunne røre kunsten, og kanskje også samfunnet, framover. Eg ser også at tett samhald i idealistiske grupper som er dedikerte til kunst med aktivistiske sider kan vere svært verdifulle som motvekt mot dei kommersielle føringane og dei konserverande estetiske normene som ofte følgjer desse i forlagsredaksjonane. Men vektleggjinga av gruppeinterne verdiar i staden for strebing mot ålmenne prinsipp står likevel for meg som noko potensielt farleg.

Om affekt er like gyldig grunn for vurdering av kunsterisk verdi som rasjonelle argument, kan i teorien kjærleiken til eit menneske endre vurderinga. Kanskje er det bra. Kanskje skjønar ein meir av eit kunstverk om ein verkeleg ønskar at det skal vere godt og verdifullt enn om ein går til verket med ein grunnleggjande skepsis kunstnaren må overvinne? Men det er, og må vere, forskjellar i korleis ein vurderer dette i reine kunstnargrupper og i heterogene kritikar-/akademikar-/kunstnarmiljø.

For kritikken oppstår problemet i møtet med dei som ikkje er del av gruppefellesskapen fordi ein treng tillit («public trust»)for å kommunisere med og påverke samfunnet. Om eit kritikarmiljø vil oppnå dei same gevinstane av fellesskapen eksternt som internt, må dei få utanforståande til å bli glad i dei og gi dei tillit. Men vil utanforståande bli glad i og ha tillit til nokon som ikkje gir det samme tilbake, eller i det minste ei forsikring om at alle i prinsippet har lik sjanse til å få den same, positive mottakinga som gruppemedlemmane? Grupper som har eit sterkt indre samhald verkar skremmande på dei som står utanfor gruppa, for det ligg i korta at den indre fellesskapen får dei til å støtte kvarandre på bekostning av oss som er utanforståande. Dermed kan deira indre samhold koste i tap av «public trust» og evne til kommunikasjon med utanforståande.

Internt i eit kunstnarmiljø kan ein aktivistisk kritikk ha mykje å seie. I denne forståinga av kritikk trur eg det er ein premiss at ein ser kritikken som del av kunsten; at kritikaren er med på å skape kunstverket både ved å vere i direkte dialog med kunstnaren og gjennom å prege verknadshistoria til kunsten gjennom resepsjonen. Ei slik kritikarrolle kan i tillegg til vanleg bokmeldar- og skribentverksemd bli fylt gjennom virke som redaktør eller kurator, til dømes slik Audun Lindholm arbeider. Vi ser at han og andre i Vagant-miljøet har stor autoritet i kulturlivet, om enn større internt i kritikarmiljøet enn i samfunnsdebatten generelt. Men det eg har prøvd å tenke vidare på i denne teksten er korleis situasjonen vil bli om BE og ST får det dei ønskar seg; eit kulturliv prega av frontar som kjempar for ulike kunstsyn. Eg trur altså at kommunikasjonen med det ålmenne publikummet ville bli svekka.

Eg meinar at ein kritikar som vel ei inhabil og aktivistisk kritikarrolle ikkje både kan gå i allianse med spesifikke kunstnarlege retningar og ha ein intensjon om å uttale seg med autoritet om konkurrerande kunst-/kritikkmiljø, eller i det heile tatt gå inn i ei akademisk rolle der ein kan uttale seg om kunstfeltet på eit meir overgripande nivå, samanlikne kunstnarlege retningar og trekkje dei lange linene frå historia og inn i notidige trendar. Det vil seie – ein kan sjølvsagt gjere det, og både kunstnerar og kritikarar med ei aktivistisk tilnærming vil i mange tilfeller ha kunnskap til å uttale seg som ekspertar, men dei kan få problem med å oppnå tillit til at ikkje alt dei seier er farga av særinteresser, på same måte som til dømes forleggjarar.

Ein akademisk orientert kritikar, som til dømes Erik Bjerck Hagen eller Kaja Schjerven Mollerin, kan sjølvsagt velge å fordjupe seg fagleg i sine personlege favorittar i kunsten, og profesjonsstrid er heller ikkje ukjent på campus. Men sjølv om humaniora verken kan leve opp til reine, positivistiske vitskapsideal, eller bør ha naturvitskapleg objektivitet som føredøme, er det sjølvsagt at ein legg vinn på å unngå mistanke om dogmatisme og nepotisme. Merksemd av den typen kjønnsforskinga fekk i Hjernevask-debatten har vist seg øydeleggjande for ”public trust”, og viser at omsyn til perspepsjonen av objektivitet og uavhengigheit i fagleg basert verksemd framleis er viktig.

Dei fleste av kritikarane er verken akademikarar eller i tett dialog med kunstmiljøa. Eller, eg veit ikkje – eg er i alle fall ikkje det. Likevel opplever eg det som naudsynt å tenke gjennom kva slags kritikar eg vil vere. Kva slags ideal skal eg strekkje meg mot? Skal eg gå i retning akademia eller kunsten? Skal eg prøve å bli vener med dei ”rette” folka, og vil det i det heile vere oppnåeleg? Eller skal eg halde fram med mitt på eiga hand, og håpe på at eg slik både kan bidra med noko verdifullt i resepsjonen og sjølv oppleve det som meiningsfullt? Eg veit ærleg talt ikkje. Det er det eg prøvar å finne ut.

Fellesskap – den nye norma

På Kulturrådets årskonferanse 14. november var det eit tema som dukka opp i tre av innslaga: Trenden med kunstnarkollektiv som vil fristille seg frå tradisjonelle kvalitetskriterier.

Temaet dukka først opp i den kunstnarlege åpninga ved Parallellaksjonen. I Årskonferansens program står det at ”Parallellaksjonen er et generativt kunstnerkollektiv som tematiserer kunnskapsformidling, skole og dannelsesprosesser. Kollektivet initierer og utvikler tematiske prosjekter hvor teori og praksis er likeverdige elementer mot nye forståelser av virkeligheten (…) Sentralt i Parallellaksjonens praksis står deltagelse, engasjement, selvorganisering og utilitarisme.”

I presentasjonen sin la dei to mennene frå Parallellaksjonen (eg veit ikkje kven det var av dei tre som var oppført i programmet: Anders Dahl Monsen, Leander Djønne og Snorre Hvamen) vekt på at kvalitet er vanskeleg å bruke som målestokk for det eksperimentelle, og at det som oppstår i møtet mellom deltakarane i dei ulike prosjekta difor er det viktigaste.

I referatet frå denne dagen på Kunstforum.no skriv André Gali at ”Det mest interessante med dette kunstneriske innslaget var problematiseringen av kvalitetsbegrepet, eller refusjonen av et slikt begrep, basert på at den typen laboratoriske eksperimenter som kunstnergruppen iverksetter ikke lar seg bedømme kvalitetsmessig fordi det ikke finnes noen eksisterende parametere for å vurdere dem.”

Seinare på dagen heldt kurator og kunstnarleg leiar for dOCUMENTA (13) Carolyn Christov-Bakargiev føredraget «It’s very difficult: on scepticism and value judgements. Notes from a curatorial perspective». Det var eit fragmentarisk og sitatspekka føredrag, der ubrukte ark frå manuskriptet stadig flagra mot golvet bak henne. Men å bli utsett for ein slik rasktflytande og intelligent diskurs fekk likevel hjerna til å lyse opp som eit juletre i forsøket på å ta relevante notat. Den følgjande gjengjevinga er sjølvsagt ufullstendig, men gir eit visst inntrykk av hovudinnhaldet.

Christov-Bakargiev sa innleiingsvis at ho syntes problemstillinga ho hadde fått tildelt var banal, men også vanskeleg. Ho slo fast at målet ikkje var å komme med avklaringar av praktisk nytte for skjønnsvurdering – om noko ville ho skape meir usikkerheit rundt spørsmålet om kva skjønnsvurderingar er og skal vere. For det første ville ho så tvil om det var slik kulturminister Hadia Tajik sa i innleiingsføredraget sitt, at det berre er kunstnerane som kan skape kunst. Ho refererte til Kants skille mellom den ”naturlege” venleiken, ”the arcitecture of the beast”, og den ”kunstige” menneskeskapte venleiken, særprega av medvitet om venleik og kunst. Sjølv meinte Christov-Bakargiev at dette skillet må opphevast, sidan ho har eit holistisk syn på verda som òg omfattar kunstfeltet.

Om eg oppfatta Christov-Bakargiev rett, er det ein trend at kunstprosjekt har form av aktivisme. Vidara meinte ho at feilgrep (failiure) er eit positivt potensiale for kunsten. Og sidan kunstfeltet stadig er i endring, finst det heller ingen stabile kriterier for kvalitet. Den subjektive smaken er difor viktig, men, og no siterer eg André Gali: ”ikke i Bourdieusk forstand hvor smaken fungerer som en metode for å konstituere sosiale hierarkier, men som en kroppslig erfaring basert på kroppslig kunnskap så vel som andre intellektuelle kunnskaper som for eksempel drømmer.”

Basisen for vurderingar skal vere fakta, men når det i vår tid er så mange tilgjengelige fakta, må ein stadig velje kva fakta ein skal dømme utfrå. Som konsekvens har fakta mist statusen som den viktigaste basisen for sanning til fortellarstemma. Tillit er difor ein grunnleggjande føresetnad for alt som gjeld skjønnsvurderingar (value judgements), og ei sentral utfordring for fagleg ekspertise er korleis ein oppnår ”public trust”. Christov-Bakargiev vektla at tillit blir bygd i personlege relasjonar, og meinte difor at ”kjærleik” er ein politisk kategori. Gali skriv:

”En viktig faktor Christov-Bakargiev trakk frem i forhold til hvordan noe blir vurdert verdifullt nok til å bli med i documenta, var tillit, personlige relasjoner og kjærlighet som politisk kategori. (…) Avslutningsvis kom hun tilbake til documenta og sin kuratoriske metode – der hun ikke så etter kunstverk, men etter «engasjerte kunstnere». Kunstnernes engasjement ble en form for sannhetskvalitet og kunstverkene så hun som uunngåelige konsekvenser av dette engasjementet.”

Christov-Bakargiev vektla altså ”commitment”, noko eg ikkje berre tolkar som engasjement, men også forplikting til ein spesifikk fellesskap. Det framstillinga hennar altså hadde felles med Parallellaksjonen, var fokuset på kunsten som kan vekse fram gjennom eksperiment med utspring i gruppedynamikken i særskilte kunstnargrupper prega av tillit, kjærleik og ”commitment”. Den kunstneriske verdien ligg ikkje lenger i tradisjonelle kvalitetskriterier – til dømes meinte Christov-Bakargiev at postmodernismen har redusert verdien av innovasjon i kunsten, samstundes som verdien er intakt innan vitenskapen – men i måten kunsten blir til på, og i verdiane som oppstår i ein menneskeleg fellesskap.

Kjetil Røed forklarer dette godt i sitt referat på Kunstkritikk.no:

”Affekter er like gyldige utgangspunkt for kognitive prosesser som den autoriserte kunnskapen, hevdet hun. I tråd med denne forflytningen av kunnskap fra det autoriserte til det undertrykte, fra det abstrakte til det affektive, fra autonomi til nettverk, skisserer hun også et annet begrep om verdi, og dermed indirekte skjønn, enn den sedvanlige pengebaserte – her tar hun opp tråden fra Michael Hardt og Antonio Negri. «Love is an ontological event in that it marks a rupture with what exists and the creation of the new. Being is constituted by love,» som de skriver i Commonwealth. I likhet med Hardt og Negri dreier kunst seg om å åpne for de ressursene vi har til felles og gjøre dem til et potensial for forandring og refleksjon utenfor de gjengse fortellingene og institusjonene som gir råmaterialer form – ikke bare kapitalen, men familien, staten, etc.”

I samandraget av føredraget som var trykt i programmet framgår det at den forpliktande fellesskapen vert sett som viktigare enn kvalitetsvurdering: ”Something appears to be meaningful and to have value  when it concerns us. If many are concerned by it, it has – provisionally – more value. Furthermore, from a skeptical point of view, rather than an academic or dogmatic one, there are no absolute truths on which to base judgements of quality and consequently of value, although skeptics (means ”search”) continues to (re)search. Judgements of quality, truth and consequently value are precarious, but commitment (to put in common, to send with, to share), that is, the faculty of imagination dedicated to something without self-defensiveness, assumes the place of quality and suggest temporarily worldliness, rather than pure relativism that voids knowledge production. dOCUMENTA (13) as a cause study.” (mi kursivering)

Den siste som trakk fram kollektivet var Robert Palmer (nyleg avgått direktør for Direktoratet for demokratisk styresett, kultur og mangfold ved Europarådet). Han snakka mykje om korleis kunstfeltet endrar seg i og med den digitale utviklinga. Heilt til slutt nevnte han det han meinar er trendar vi vil sjå meir av framover: Framvekst av fleire kunnskapsmiljø og kunstnarkollektiv, ei utvikling frå individuell til kollaborativ makt og frå einskilde til mangfaldige (”multiple”) agandaer.

Planen er å bruke dette referatet som utgangspunkt for eigne tankar om kritikk, uavhengigheit, referansegrupper, habilitet osb, men eg er visst ikkje heilt ferdigtenkt enno. Så for denne gongen: Thank you and good night!

Kunstforums referat frå Årskonferansen: Vanskelige verdivurderinger

Kunstkritikks referat: Et håndledds avstand

Les meir om Parallellaksjonen

Les meir om dOCUMENTA (13)

Du

I går, 30. juni, var eg og mannen min i bryllap på våre eigen bryllaupsdag. Det var også 30. juni for seks år sidan at Snorre vart storebror til tvillingane. Det er eit fint høve til å dele det diktet vi hadde på baksida av for vigselen den gongen for 11 år sidan.

Frid nytta føremiddagen i går til å lage ei teikning til meg, der ho teikna seg sjølv og påstod at det var eg, «bare med lyst hår». Ho var ein del av meg, no veks ho stadig lenger vekk, blir eit «eg» for seg sjølv og og eit «du» for meg.

Roald var så glad for gåvene han hadde fått at han gjerne ville gi noko tilbake: «Hva ønsker du deg, mamma?»

I avstanden mellom «eg» og «du» blir både språket og kjærleiken til. Og om det finst eit ord som rommar heile kjærleiken, er det: «Du».

Du
att så underbar
jag tänkte att kanske inte
andra.

Ty det är jag som ber dig
ditt ansikte
jag
en som en vekare än.

Så stilla, tillbakaträngd jag
det är du vid din art
du
att vid ditt namn.

(Gunnar Björling, Där jag vet att du, 1938)

Teikning frå Frid til mor 30. juni 2012

Har du en tå

Etter hendingane som har ramma mange svært hardt i sommar, vil eg gjerne dele eit av dei vakraste kjærleiksdikta eg veit om. Eg syntes det var nydeleg før òg, men då eg fekk born, fekk diktet ein ny dimensjon for meg. Legg merke til at det er delt i to: Første strofe er i notid, mens den andre er i fortid. For mange er det saknet som no vil prege kvardagen.

Har du en tå
att den er din
din egen
jag ser på dig
och längtar att du kommer.

Jag trodde att din fot, att gjord för mig
dina händers finger hört till mig
och ditt anlet bar sin doft för mig
jag strök ditt hår.

Gunnar Björling, Där jag vet att du (1938)