leseklemma

Myldrehovud

Feriar, reiser, bursdagar og alt anna som endrar rytmen i kvardagen har ein tendens til å gå utover skrivedagane mine. Denne veka har skulane haustferie, det var difor vi tok turen til Legoland frå laurdag til tysdag. Sjølv om eg tok meg fri på onsdag også, blei det minimalt med tid til skriving, i staden gjekk dagen til brødbaking, klesvask og ei familieutflukt til symjebassenget. Men eg har fått lese litt her og litt der, og eg har gått og tenkt på ein tre-fire emner eg vil blogge om, så dei skal eg knatre ned til avkopling og avlasting av hjerna ved første høve. Idag og i morgon måtte eg ta att tapt tid på jobben, og der er det heilt andre ting å ta fatt i.

15. oktober er det frist for å levere stipendsøknader til Kritikerlaget, og no jobbar eg for fullt med å klekke ut artikkelidear som til saman kan bli eit kritikkprosjekt eg både kan brenne for sjølv og som – om eg er heldig – kan vekke ein gnist av engasjement hos stipendkomiteen. Den tyngste delen av jobben er å kontakte ulike redaksjonar og lodde interessa for å publisere artiklane eg vil skrive. Eg har ikkje gjort så mykje slikt før, og sjølv om eg har høyrt at det kan ta tid å få svar, er det vanskeleg å hindre meg sjølv i å tolke mangelen på respons som uttrykk for anna enn at eg er totalt uinteressant som person og skribent. Heldigvis er det alltid nokre få som svarar raskt, og det er oppløftande, om så svaret er negativt.

I tillegg til søknadsskrivinga har eg ei bokmelding på vent – boka er lesen, men eg har ikkje hatt tid til å skrive enno. Og så er det eit par bøker eg gjerne skulle ha lese til Litteratursymposiet på Odda neste torsdag, bøker eg veit skal diskuterast, og bøker av folk eg kjem til å møte. I Odda forsvinn forresten dei to skrivedagane eg har neste veke òg, men akkurat det kan eg vel ikkje klage over, når eg for ein gongs skuld skal vere der det skjer. Kanskje eg møter ein redaktør eller to også, slik at eg kan bli ein levande person for dei og ikkje berre ein signatur i ein epost.

Men alt i alt: Det er for lite tid, og det myldrar i hovudet, rett og slett, det kjennest som ein eigen deltidsjobb berre å prioritere og legge strategiar for korleis eg skal få ting unna. Når stipendsøknadane er levert og Odda-turen overstått, er det tid for fordjuping. Det er vel då den verkelege utfordringa kjem.

Leseklemma

I løpet av helga plukkar eg opp ei avis kvar gong eg har nokre minutt til overs, og eg blar som regel rett til boksidene. Det er «risky business». På ein dårleg dag kan eg bli heilt satt ut av å lese velformulerte og kunnskapsrike tekstar, eg tenkjer at dette kan eg aldri måle meg med. Men andre gongar blir eg oppløfta av det samme, og det er gjerne dei aller beste skribentane som har den verknaden. Denne helga var det Erik Bjerck Hagen i bokmeldinga av Per Pettersons Jeg nekter og Espen Grønlies kommentar om korvidt norsk litteratur blir påverka av det engelske språket og omsynet til markedsføring i utlandet (begge i Morgenbladet).

Eg har av og til tenkt at eg må slutte å vere oppteken av kva andre skriv om, og kva dei kan. I staden må eg bruke tida på mine eigne prosjekt, slik at eg byggjer min eigen kompetanse. For det er jo det som imponerar meg når eg les andre; oversikta og djubdekunnskapen. Eg får ikkje slik kunnskap sjølv av å lese i avisene, dei er først og fremst ei meir overflatisk orientering om kva som rører seg i samtida, sjølvsagt med eit og anna drypp av nyttig kunnskap og gode tankar.

Men som Jesus sa: Det eine må gjerast og det andre ikkje latast ugjort (sitert etter minnet). For det er jo viktig og interessant å lese det andre kritikarar skriv. Det var berre dette med tida. Og tidsmangelen går alltid mest ut over fordjupinga. Ein kan godt lese avisartiklar på do, eller medan eg ventar på at potetene skal koke opp, men lesing av litteraturteori eller godt analysearbeid er det verre med.

Men akkurat no må alt anna vike for den nye boka til Trude Marstein. Eg vart oppringt frå Dag og Tid-redaksjonen med spørsmål om eg kunne hente boka idag og melde ho på nokre få dagar. Tilfeldigvis passa det for mannen min å svinge innom sentrum, så akkurat no fekk eg boka i fanget. Ho er ein av dei forfattarane eg verkeleg har studert, så eg gler meg til både å lese boka og skrive om ho. Av og til merkar eg at eg trass alt har halde på ei stund, og det er ikkje vondt.