profitt

Med hjerna i handa

Korleis det er med den kritiske tilstanden idag? Takk, berre bra. Stabil. Riktignok har eg funne ut at namnet på bloggen min er bøygd i feil kjønn, det heiter visst ein tilstand – tilstanden – tilstandar – tilstandane. Men eg likar ikkje lyden av kritiske tilstandar, så eg har tenkt å praktisere personleg rettskriving og bøye ordet som om det var hokjønn. Eg er jo hokjønn, er ikkje det grunn god nok?

Men elles har det vore ein riktig god dag. Eg har gjort ferdig eit bokessay om forfattarskapen til Merethe Lindstrøm. Riktignok for andre gong, tidlegare hadde eg skrive eit på 4000 teikn basert på ein artikkel på 36 000 teikn, men så fekk eg beskjed om at eg kunne utvide til 8000 teikn. Dermed fekk eg med alt det eg syntes var viktigast å få med, og er særs nøgd med det. Teksten kjem i Aftenposten K i desember. Eg brukte mykje tid på bøkene til Merethe Lindstrøm i sommar og det er veldig bra for meg at eg kan få to lønna artiklar ut av det i staden for ein. Men, sjølv om Aftenposten K er blant dei som betaler anstendig, tør eg ikkje rekne på kva eg sit igjen med av profitt etter å ha brukt kanskje ein månad med normal arbeidstid (kanskje meir, eg anar verkeleg ikkje) på det som blir to tekstar, ein lang artikkel og eit kort bokessay.

Men sånn er det å vere kritikar i Norge, og i resten av Norden står det heller verre enn betre til; vi vil så gjerne lese, tenke og skrive at vi blir gåande rundt med hjerna i handa og tilby evnene våre for småpengar, om ikkje rett og slett gratis. Eg er glad for at eg har råd til å leve slik, at eg kan finansiere kritikken med ein annan, fleksibel jobb slik at vi får det til å gå i hop. Og så hjelp det jo at eg har gratis tenester på biblioteket, får gratis leseeksemplar og kan søke stipend frå staten, eg kimsar ikkje av det.

Eg var innom biblioteket idag, og dei som trur bibliotektenesta berre handlar om pengar kan aldri ha hatt lite pengar, aldri vore arbeidsledig og aldri vore einsam. Å ha ein offentleg stad å gå til, kor ein kan setje seg ned i varmen, lese avisa, låne ei bok, gå på internett og kanskje snakke med nokon, er gull verd enten ein jobbar heime, er pensjonist, er sjukemeldt eller arbeidsledig. Det er rett og slett førebyggjande arbeid og sosial utjamning. I tillegg låner eg hauger av bøker der som eg elles aldri ville ha fått lese. Biblioteket har også hjerna i handa, og er ein viktig ressurs for meg og alle andre som til tider opplever kritiske tilstander. Sjølv om nokre av oss ikkje alltid har viljen til å praktisere det biblioteket og andre autoritetar lærer oss er rett, som korrekt rettskriving.

Kritikarmakt utan profitt

Forlagsmann Anders Heger har vekt merksemd med sitt personåtak på litteraturkritikar Cathrine Krøger etter at ho uttala seg kritisk om Cappelen Damms utgjevingar i kategorien ”chic lit”. Han går tydeleg inn for å undergrave hennar faglege autoritet. Sams for dei to er at dei er raske til å uttale seg og store i kjeften, men der Heger har kommersielle interesser å forsvare, får Krøger same løna om ho rosar eller risar. Ho er ein maktfaktor i norsk bokbransje, og tydelegvis eit hår i suppa for somme.

For ikkje lenge sidan var Krøger i konflikt med Juritzen forlag, som hadde trekt eit sitat ut frå samanhengen i bokmeldinga hennar, og brukt det til å marknadsføre ei bok Krøger var negativ til. Forleggjar Arve Juritzen nekta for å ha gjort noko kritikkverdig. Verken Juritzen eller Heger ser ut til å vere redde for at det vil straffe seg å yppe til konflikt med den profilerte kritikaren Krøger, at ho kunne tenkjast å boikotte bøkene deira eller bli freista til å la sinnet påverke vurderinga av andre utgjevingar. Er det fordi dei undervurderar makta hennar, eller har dei faktisk stor tillit til hennar faglege integritet?

Norsk kritikerlag legg stor vekt på å verne habiliteten vår av faglege omsyn. Medlemmane i laget skal unngå både økonomiske, sosiale og emosjonelle koplingar til aktørar som blir påverka av korleis vi utøver kritikargjerninga. Slike bindingar er det vanskeleg for andre enn kritikaren sjølv å ha full oversikt over, men mitt inntrykk er at norske kritikarar tar habilitetsspørsmål på alvor. Det har hatt effekt. Kritikarprisane har høg presisje, og Kritikerlaget er ein etterspurt samarbeidspartnar fordi vi blir sett som garantist for fagleg integritet. Eit slikt rennomé vil ein kommersiell aktør vanskeleg kunne bygge opp sjølv med store marknadsføringsbudsjett, men Kritikerlaget har ingen slike budsjett: Vårt gode rykte er bygd av kvar einskild medlem som gjer godt arbeid og vernar om sin habilitet, og medlemmane tek kostnaden ved å arbeide mykje for dårleg lønn.

Vi sit i praksis på ein merkevare vi ikkje kan utnytte kommersielt utan å undergrave habiliteten som alt kviler på. Meirverdien av innsatsen nyt andre godt av: Avisene får billig og populært avisstoff og forlaga gratis marknadsføring. Norske kritikarar sponsar difor norsk kulturliv både med fagkunnskap og reine pengar. Vi er sjølvsagt ikkje heva over kritikk av den grunn; at kritikk er skjerpande og naudsynt er vel få andre like overtydde om som oss. Men neste gong Anders Heger reagerer på utspel frå ein kritikar, oppmodar eg han til å diskutere sak, ikkje person.

Merete Røsvik Granlund, Leiar av arbeidsutvalet i Norsk kritikerlags litteraturseksjon og bokmeldar i Dag og Tid.

Tidlegare publisert i Dagbladet 21. mai 2011. Ein lengre versjon er publisert på nettsida til Norsk kritikerlag.