taktisk tale

Å skrive dikt er det motsatte av taktisk tale

Eg har funne gull igjen, ord som forklarar kvifor eg elskar språk av eit visst slag, språk som åpnar opp i staden for å lukke igjen:

«Å skrive dikt er en lidenskapelig åndelig aktivitet som ikke ønsker å innordne seg et åndelig system. Har jeg en poetikk som jeg ønsker å utforske – så er det noe slikt som: Å skrive dikt er det motsatte av taktisk tale, det motsatte av taktiske svar på eksistensielle spørsmål – svar som sikrer seg retrett, svar som krever å ha rett. (…) Vi hører det på stemmen; det er taktisk tale. Hva er det som ikke blir sagt? Rommet rundt oss skrumper inn. I sammenhenger der språket i stor grad brukes taktisk, blir det vanskelig å puste. Inspirasjon betyr å puste, å trekke pusten djupt. Vi setter spørsmåltegn: Her begynner diktet.»

Det er lyrikar og omsetjar Hanne Bramness som seier dette, og ho gjer det klart for meg kvifor eg får ein sterk trang til å lukke øyrene for visse talestraumar; det er taktisk tale. Sitatet er henta frå teksten «Trenger lyrikken et forsvar?» som stod på trykk i Morgenbladet 29. juni, basert på ei forelesning Bramness heldt på Litteraturhuset i Oslo i juni i år. Forfattaren reflekterer rundt kvifor poetikk og forsvar for lyrikken ser ut til å vekkje meir interesse for tida enn sjølve lyrikken.

Symptomatisk nok handlar både denne og den forrige bloggposten min om formulerte poetikkar som har begeistra meg, ikkje om dikt av dei aktuelle forfatterane. Men slik er det: Eg er oppteken av mitt liv og den rolla språk spelar i det. Metaperspektivet er difor like interessant som litteraturen, slik spørsmålet ofte er like interessant som dei mogelege svara. Men skiljet er ikkje absolutt; refleksjonen om litteratur er ein del av litteraturen.