Tomas Espedal

La oss skjøne Tomas Espedal (klam klem)

Herregud, no har han gjort det igjen. Tomas Espedal. Han har sagt at om bøkene hans berre vart lesne av kvinner over 50, ville han slutte å skrive på dagen. Og kvinner i alle aldrar har rykka ut for å forsvare dei såkalla kulturkjerringane, seinast Karin Haugen i Bokmagasinet i dag. Det skulle berre mangle. Det er hårreisande udanna å seie slikt om dei som faktisk kjøper, les og beundrar bøkene dine.

Eg hadde ikkje tenkt å forsvare Espedal denne gongen, slik eg har gjort før. Eg kjente at eg vart fornærma sjølv, ikkje berre på vegne av eldre kvinner, men på eigne vegne, eg er trass alt snart 40; husmor, gift, konsulent i offentleg sektor og alt anna som er uspennande. Men så klarer eg ikkje å la vere likevel. Ikkje når eg tenkjer litt vidare.

For det første, og det er det same som eg har sagt før: Espedal er i det minste ærleg. At han er ærleg på ein urimeleg, utakknemleg og spissformulert måte er ikkje sympatisk i vanleg kommunikasjon. Men det er denne kompromisslause haldninga som gjer bøkene hans interessante. Så kan vi gjerne be han endre personlegdom når han forlet skrivebordet og skal bli intervjua, men vi får ikkje bli for overraska om det ikkje lar seg gjere.

For det andre, og det er det viktigaste punktet: Kva er det han eigentleg seier? La meg overføre hans logikk til min eigen situasjon: Eg skriv bokmeldingar i Dag og Tid, ei avis som truleg har landets eldste og mest maskuline lesarkrins. Det gjer ikkje meg noko. Men kva om eg fekk vite at ingen kvinner, verken litteraturstudentane i tjueåra, venninnene mine frå lesesirklar, kvinnelege kritikarkolleger, forfattarar eller forlagsredaktørar i tredve- og førtiåra, eller dei kulturinteresserte kvinnene på 50+, at ingen av desse syntes det eg skreiv var interessant, relevant eller godt skrive? Eller, la meg seie: Om eg berre vart lesen av menn over 50? Eg hadde blitt lei meg, og prøvd å finne ut kva eg gjorde feil. Ein meir spissformulert retorikar ville sjølvsagt ha sagt at han hadde slutta å skrive på dagen. Det handlar altså om referansegrupper, at det er viktig å vere i kontakt med dei ein reknar som naturlege samtalepartnerar. Det treng ikkje å vere til forkleinelse for andre grupper.

Espedal klarar seg sjølv, og eg er eigentleg ikkje så oppteken av at han skal bli ytt rettferd, men eg likar å skjøne kva det er som foregår og setje utsegner i perspektiv. Og det er jo trass alt eit idiotisk, hypotetisk scenario vi snakkar om her. Så, kvinner, la oss fortsette å lese middelaldrande mannlege forfattarar i den grad vi har glede av det. Det er jo moro å prøve å skjøne dei, er det ikkje?

(Kulturell) kapital og klingande bjeller

Forfattar Tomas Espedals redsel for at eit Litteraturhus i Bergen skal bli fylt opp av eit allment kulturpublikum verkar elitistisk og usympatisk. Det har blitt skapt eit inntrykk av at det er middelaldrande kvinner han vil unngå, men det skyldast vinklinga Anders Heger tok i kommentaren sin i Dagsavisen 6. mars. Espedal retta heller ikkje opp inntrykket i vesentleg grad då dei to møttes til debatt i NRK P2. Eg veit ikkje alt om kva Espedal meinar. Men han er ein brennande litteraturelskar som ikkje tek kommersielle omsyn, og han skal ha for å vere ærleg. Og han har eit poeng: Eit litteraturhus må òg legge til rette for den ikkje-kommersielle delen av kulturlivet om det skal vere relevant for kunsten i lengda.

Når både Kjetil Bjørnstad, Anders Heger og Knut Olav Åmås påpeikar det snobbete i å nedvurdere sitt betalande publikum, demonstrerer dei større sosial intelligens og sans for kva som er kommersielt naudsynt. Men når dei hevdar at Espedal har eit oppblåse sjølvbilde fordi han seier at nokre oppsøkjer litterære arenaer for å menge seg med kunstnarar, lar dei det politisk korrekte overskygge realitetane. Det lyd hòlt.

Kjetil Bjørnstad er tydeleg lei av bergensarrogansen, og i Espedal fekk han eit lett bytte for ein retorisk kronikk (Aftenposten 3. mars). Men når Bjørnstad både i romanen og kronikken brukar formuleringa ”skal man  måtte nedverdige seg til å bli et forfengelig menneske” framstår han som forfengeleg i ein høgare potens. Kor heva er ein ikkje over vanlege folk dersom ein seier seg fri for vanlege menneskelege kjensler knytt til sosial status? Og kvifor skulle folk som likar å lese vere mindre opptekne av å komme i kontakt med kustnarar dei beundrar enn andre folk? Ein skal ha ei rimeleg feit kulturell lommebok om ein er likegyldig til om det er Dag Solstad eller Bitten fra Tåsen som sit på nabobordet. Sjølvsagt kan dei som ofte omgås kunstnarar og andre kjendisar etter kvart sjå at det er mykje både alminneleg og rart bak den glamorøse fasaden. Og dei som er offentlege personar sjølv, gløymer kanskje korleis det er å ikkje vere det. Men skal forfattarar og kjente folk måtte late som dei ikkje veit at andre har høge tankar om dei?

Då eg var litteraturstudent på nittitalet, var det Kunstnernes Hus som var staden å gå. Eg hugsar framleis det oppgitte utbrotet som kom frå ein kamerat etter ein kveld med høglytte diskusjonar og stadig søkande blikk rundt i lokalet: ”Kunsternes hus, du liksom! Eg har ikkje sett ein tryllekunstnar, ein gong!” Kommentaren kom rett frå ei lever som hadde hatt sitt å stri med den kvelden, og ikkje gadd late som lenger. Det blir for dumt om ein i det offentlege ordskiftet skal late som sosial status og innsamling av kulturell kapital er likegyldig i det litterære miljøet. Og den velkjente frykta for kulturelt snobberi er ei avsporing av debatten om kva eit Litteraturhus eigentleg skal vere.

Eg er òg skuffa over korleis Litteraturhuset i Oslo fungerer på enkelte område. Det burde vore mogeleg å få seg ein øl og ein matbit etter eit arrangement utan å måtte bestille bord først. I staden er plassen på kveldstid fylt opp av folk som ét trerettars måltid – og ein stengt bokhandel  tek òg mykje golvplass. Eg skjønar at drifta av Litteraturhuset må lønne seg, men må ein la debattar om politikk fylle huset ein gong i veka? Riktignok kan bøker vere sentrale i samfunnsdebatten,  men det betyr ikkje at all samfunnsdebatt har noko i eit litteraturhus å gjere. Leiinga må ivareta den smale litteraturen i programmet, hvis ikkje kan Litteraturhuset ende opp som endå ein arena for lanseringsjournalistikk for den mest kommersielle delen av bokbransjen. Sjølvsagt må eit litteraturhus vere ope for eit breitt publikum såvel som dei mest brennande litteraturidealistane. Men fokuset må vere på litteraturen, ikkje på å vere ein representativ møteplass for kvalifiserte synspunkt på det siste innan politiske og kulinariske trendar.