Vigids Hjorth

Privat vs. offentleg etikk

Debatten rundt Vigdis Hjorths roman Arv og miljø reiser spørsmålet: Er omsynet til offentleg renommé viktigare enn private kjensler og relasjonar? Sagt på ein annan  måte: Er det verre at noko blir offentleg kjend enn at det faktisk har skjedd?

Då eg var tidleg i 20-åra, skreiv eg eit brev til foreldra mine om ting eg hadde opplevd som vanskeleg i barndommen. Det gjaldt ikkje noko som vil bli rekna som alvorleg av andre, men det var verkeleg nok for meg. Eg fekk to brev i retur: Mora mi var kort sagt open for mi oppleving, faren min meinte at det eg fortalde ikkje kunne stemme. Men etter at eg hadde skrive til han på nytt, aksepterte han det eg tenkte og følte som utgangspunkt for vidare samtale. Det betyr ikkje at alt frå då av var harmoni, men det betyr at eg aldri ville kome på å dele det eg skreiv i desse breva offentleg. Eg vart høyrt av dei det gjaldt, og det var nok.

I romanen Arv og miljø har Vigdis Hjorth skrive om korleis det er å ikkje blir møtt med slik aksept. Hjorth skriv at det store fleirtalet av incestoffer som fortel om overgrepa som vaksne, ikkje blir trudd og misser kontakt med familien. Debatten rundt romanen som vart starta av litteraturkritikar Ingunn Økland i Aftenposten, har spegla dette i nesten tragikomisk grad: Ein roman kor hovudpersonen opplever å bli mistenkeleggjort i staden for å bli lytta til, blir mistenkeleggjort i staden for lytta til.

Logisk brist?
Det starta med ein mistanke frå Økland si side om at Hjorth skildra verkelege hendingar i romanen. Og eg er samd i at det er nær umogeleg å lese Arv og miljø utan å tru at Hjorth skriv om eigne erfaringar. Når Aftenposten så avdekkjer litterær bruk av verkelege hendingar, blir det ytterlegare sannsynleggjort at omtalte overgrep og familiekonfliktar er verkelege, noko som inneber ei skulding om incest mot faren og stiller resten av familien, spesielt mora, i eit lite flatterande lys. Men er det då ikkje noko ulogisk i at Aftenposten har retta all sin moralske indignasjon mot forfattarens litterære metode?

I si første melding av romanen skreiv Økland at bruken av verkelege hendingar var meir akseptabel om overgrep faktisk har skjedd. Men når avisredaksjonen sjølv har funne fakta som gjer det meir sannsynleg at det er tilfelle, skriv ho at ho ikkje tar stilling til spørsmålet om overgrep.

Eg har ikkje meldt romanen sjølv, men eg ville i utgangspunktet ha latt spørsmålet om biografisk sanning liggje nettopp fordi emnet er så alvorleg for alle involverte. Når problemstillinga likevel er brakt på bane, synes eg det er på sin plass å seie at det er svært lite sannsynleg at Hjorth skulle ha lagt litteraturen tett opp til verkelege hendingar for å sverte familien sin med falske rykte om incest, eller at ho ikkje skulle ha skjøna implikasjonane av å legge forteljinga så nær kjende hendingar i eige liv.

Dermed blir det umogeleg å drøfte bruk av levande modellar på reint prinsipielt grunnlag, slik Økland har prøvd å gjere. For det spørsmålet som dirrar under både handlinga i Arv og miljø og debatten om bruk av levande modellar, er om det er verre at noko blir offentleg kjent enn at det faktisk har skjedd?

Bak tabuet
Aftenpostens dekning svarar «ja». Det er ein viss ironi i at ei avis som har markert seg som prinsipiell forsvarar av ytringsfridom, plutseleg meiner at forfattaren burde ha vist større omsyn til privatlivets fred, offentleg renommé og familiefellesskapen. Samstundes som det er avisa som legg fram kunnskapen som koplar den private sfæren og romanuniverset saman.

Det verste er likevel at når den moralske peikefingeren blir retta mot forfattaren i akkurat denne saka, opprettheld det ei norm om skilje mellom privat og offentleg sfære som mest tenar verkelege overgriparar.

Tabu gjer at dei som er offer for tabubelagte handlingar vil ha vanskeleg for å snakke om det til andre, både i private og offentlege samanhengar. Tabu skaper skam, men i staden for at overgriparen føler skam, er det ofte offeret som kjenner skamma for det overgriparen har gjort. Å insistere på hemmeleghald kan dermed bidra til å oppretthalde «hemmelege rom» kor overgrep kan skje. Det er nettopp den typen haldningar romanen åtvarar mot.

Det brennbare temaet i Arv og miljø er nemleg ikkje seksuelle overgrep isolert sett, men forteiingskulturen som krev at offeret skal verje både overgriparen og resten av familien for dei negative konsekvensane av det ho har blitt utsett for. Om ho nektar å late som ingenting, er ho «egoistisk». Og om ho ikkje er flink nok til å late som ingenting, er ho altså framleis moralsk tvilsam.

Sjølvsagt kunne Hjorth ha unngått heile debatten ved å fiksjonalisere historia slik at ingen gravande kritikar kunne finne likskapar til hennar eige liv. Men kan ein, om vi reint hypotetisk seier at romanen er sjølvbiografisk, hevde at det var hennar moralske plikt å gjere det? Kan ein svike tillitsforhold som ikkje lenger eksisterer?

Ikkje hemn, men forsvar
Om det Hjorth skriv er sjølvopplevd, er det ikkje sikkert at den fiksjonaliseringa ho faktisk har gjort, er meint å verje andre enn henne sjølv. Sjølvsagt kan romanen dermed bli oppfatta som hemn.

Men ser ein historia frå synsvinkelen til ho som er forteljar og hovudperson, same kven det eigentleg er, er romanen eit heilt naudsynt forsvar for den sanninga og dermed den identiteten familien hennar nektar å godta.

Det einaste vi veit sikkert, er at Hjorth ikkje vil ha merksemda retta mot spørsmålet om kva ho har opplevd, men snarare mot at mange har opplevd det ho skriv om. Og fordi dette er ein roman mange kan skjøne si eiga historie i lys av, yter teksten motstand mot dei urimelege krava mange offer har møtt frå sin næraste familie når dei  mest av alt hadde trengt støtte: Enten late som ingenting eller forsvinne ut av familiefellesskapen.

Sjølvsagt skal litteraturen, som all anna menneskeleg handling, også vere gjenstand for moralske vurderingar. Litteraturen er i seg sjølv ein viktig arena for oppøving av evna til å gjere moralske vurderingar, spesielt gjennom den innsikta vi får i andres erfaringar, tankar og kjensler.

Men i spørsmål om kva som er rett handling, må kvart unike sakskompleks bli vurdert gjennom å vege ulike omsyn mot kvarandre. Både emnet som blir teke opp og vurderingar av den sannsynlege samanhengen mellom litteratur og biografisk sanning gjer det  uheldig at akkurat romanen Arv og miljø har vorte fanesak for spørsmålet om bruk av levande modellar. Og då først og fremst for dei som har opplevd det Hjorth skriv om.

Vi treng litteraturen som fristad for bearbeiding av erfaringar som først oppstår og sidan blir avviste og prøvd undertrykte i private rom. Det er ikkje rimeleg å vente at offer for overgrep skal takle traume aleine – og halde kjeft i tillegg.